Luresnop for å narre sukkerhungrige kroppar

DSC_0128 2   DSC_0129 3

Eg har hatt eit sukkersug av ei anna verd den siste tida. No snakkar me ikkje om det vanlege sukkersuget som lar seg stogge av ein kopp te eller eit eple. Nei, dei siste vekene har kroppen vore storkrevjande. Då eg i tillegg måtte innsjå at det næraste eg hadde vore ei intervalltrening dei siste vekene, var då eg spurta etter isbilen (jodå), fann eg ut at her hadde ein nådd eit kritisk punkt.

Eg har difor rota fram nokre gamle slagarar som er i kategorien «hakket sunnare snacks». Oppskriftene er ikkje nødvendigvis ultrasunne, men dei er i det minste hakket betre enn godteri, is og brus  med sukker og e-stoff i lange banar. I tillegg til sunnifiserte snopeoppskrifter som allereie ligg på bloggen, kjem eg til å legge ut nokre til. Som til dømes desse supre kjeksa.

Raske havrekjeks

DSC_0108 4

Denne oppskrifta kom eg over hjå kule Idafrosk som har tatt Instagram med storm. Fylgjer du ho ikkje allereie, bør du gjere det! Eg er enormt imponert over kor kreativ ein kan bli med mat.

Desse kjeksa inneheld berre to ingredienser. To!!! Har du ei godt moden banan og nokre handfuller lettkokte havregryn, har du basisoppskrifta.

Mos banana med ca. 1 dl havregryn. Eg måtte bruke litt meir enn 1 dl, då røra skal henge godt saman, men ikkje vere alt for fuktig.

Dersom ein ynskjer å tilsetje litt ekstra smak, er kokos, mandler, kanel, sjokolade, rosiner med meir gode forslag. Eg hakka to ruter med særs mørk sjokolade som eg hadde i deigen. Den bitre sjokoladen var særs god saman med den søte banansmaken.

Så kan ein velje mellom to steg:

a) Fordel deigen utover eit ark med bakepapir og legg eit bakebapir over. Kjevle deigen til den er tynn. Stikk ut kjeks med ulike former og legg på eit nytt brett med bakepapir. Her kan det vere lurt å setje deigen litt i kjøleskapet først, før ein skal kjevle den ut. For at banana ikkje skal bli brun, kan ein ha litt sitronsaft på. Etter litt tid i kjøleskapet er deigen fastare og lettare å handtere.

eller b) Fordel ei og ei ts med deig på eit steikebrett dekka med bakepapir. Klapp deigklumpane ned slik at dei vert flate og omtrent like tjukke. Det var denne framgongsmåten eg nytta på kjeksa ovanfor.

Steik i 15-20 minutt på 175 grader. Eg måtte steike litt lengre enn 15 minutt då deigen min vart litt for fuktig. Kjeksa vert mjuke i konsistensen og bør etast nysteikte.

PS! Denne oppskrifta er lita, så det kan vere lurt å doble den om ein er fleire.

DSC_0131 1

Sunnifisert snop som eg har skreve om tidlegare:

Har de nokre lure grep når ein skal stogge sukkersuget? Eg tek gjerne i mot råd!

/Inga

4 thoughts on “Luresnop for å narre sukkerhungrige kroppar

  1. Haha, lo godt av at du hadde løpt etter isbilen. Mitt triks er å spise ordentlig mat. Jeg blir ofte ekstra fysen når jeg egentlig er sulten. Ellers så er det jo godt med smoothie, frukt eller «sunnere» godteri. Den sjokoladen er også genial fordi den er så bitter at jeg ikke greier å trøkke i meg hele. Ellers så er det godt med en gåtur eller trening for å få vekk søtsuget(henger nok litt sammen med at jeg blir lysten på ordentlig mat etter trening).

  2. Mange gode poeng der! Det hjelper på å tenkje litt rasjonelt. Sukkersug = lågt blodsukker = når åt du sist?

    Elles er trening den beste medisinen mot låg blodsukker. Når ein trener, er det som du skriv, ein har berre lyst på bra mat etterpå. Det er fint det. Men som sagt. Kroppen min har vore storkrevjande i det siste og då har det meste freista til alle døgnets (og blodsukker-) tider. Likevel, alt dette hjelp litt på! 🙂

  3. Hei! Så moro å sjå oppskrifta i bruk. Eg slit ein del med søtsug sjølv, og då hjelp desse. Ellers er eg glad i dadlar (helst Medjool) med 2-3 heile mandlar inni, kjempegodt og veldig naturleg søtt. 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s