Kvardagsdessert frå Hamburg

DSC_0148 1

Å ete litt dessert i kvardagen er heilt lov spør du meg. Ein liten fruktsalat, litt youghurt, ein smoothie eller andre søte (men nyttige) avrundingar kan vere ein skikkeleg høydare etter ein middag!

Dette er ein rask kvardagsdessert som eg vart introdusert for i Tyskland. Den er god og mektig som berre det. Eg nyttar gjerne frosne bær då ein då får eit fint sø som blander seg ut i kesamen. Elles kan ein også nytte ferske bær og oppskjært frukt i lange banar.

Desserten vert best om du lagar den nokre timar i forkant og oppbevarer den i kjøleskapet til den skal etast.

Ingredienser

  • 2 boksar kesam
  • 1-2 koppar frosne bringebær
  • (honning/agavesirup/ hakka sjokolade m.m.)

Vend dei frosne bæra i kesamen og la det stå i kjøleskapet nokre timar. Då tiner bæra men desserten held seg samstundes kald. Nyt desserten slik som den er, eller toppa med litt honning, agavesirup, sjokolade eller anna godt.

Enkelt og heilt nydeleg!

/Inga 🙂

DSC_0157 1

2 thoughts on “Kvardagsdessert frå Hamburg

  1. Jeg har helt dilla på det der om dagen! Bruker bringebær og vaniljekesam. Har ikke prøvd å ha noe på toppen, men kan tenke meg at litt hakka, mørk sjokolade ville vært veldig godt.

  2. Ja, det må du prøve!

    Kesamen minnar meg om youghurtis, så her kan ein toppe med det meste! Eg åt kesam med bringebær, mynteblad og honning i dag. Det er heilt nydeleg!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s