Shoppestopp 2013 / Oppbevaring og vedlikehald av sko

DSC_0188 2   DSC_0164 2

Eit av måla med shoppestopp-prosjektet, var å bli flinkare til å ta vare på klede og sko eg allereie hadde. Dette har ført til ei auka interesse (les: obsession) for saker som renseri, skokrem, saum og det som er.

Det er fint! -For å ta vare på det ein har, er å leve grønt. Lengre levetid og betre stand = mindre avfall. 

6 tips til grøne skovaner:

  •  Ta vare på skoa du har, same kva prisklasse dei er i. God behandling fører til lengre haldbarheit.
  • Om du skal investere i nye sko, bruk pengane på lær og best mogleg kvalitet. Lær pustar og er eit materiale som held lengre.
  • Spør om råd til korleis du skal vedlikehalde skoa i butikken når du kjøper dei.
  • Bruk skokrem, impregnering etc. som er tilpassa skoa. Smør og impregner skoa med jamne mellomrom slik at læret held seg fint og skinnet ikkje får varige skadar av ver og vind. Norsk vinterver med salta vegar, forureining, fukt og kulde gjer at vintersko treng meir stell enn somarsko.
  • Om sålen vert sleten, byt den ut! Det same om du kjøper sko med såle som ikkje toler vatn. Legg på vernande såle hjå skomakar før du tek skoa i bruk. Å nytte skomakar er rimelegare enn å kjøpe heilt nye sko.
  • Bruk skotre eller anna som fyller ut/spenner læret når du ikkje har på skoa (sjå nedanføre). I fjor då eg henta fram støvlettane frå boden, var tuppane på støvlettene bøyd oppover. Læret hadde tørka og trekt seg saman slik at skoa no hadde djupe furer som eg måtte «brekke» tilbake. Dette kan ein unngå om dei ligg i press.

Ein kan fint nytte avispapir eller anna for å fylle ut skoa og spenne læret når skoa ikkje er i bruk. Når læret står i spenn, held dei passforma og ein unngår djupe furer i læret. Om ein vil ha verkty som er meir langvarig og effektivt, anbefaler eg sakene nedanfor.

Skotre

DSC_0169

Skikkelege skotre har eg leita lenge etter. Eg fann mange stader på nettet (Amazon, Etsy etc,), men til slutt gjekk eg til innkjøp hjå skomakar Dagestad i Oslo. Der kunne ein få prøve dei i skoen ein hadde på seg, slik at ein fekk rett størrelse. Eg anbefalar å ta turen dit dersom du skal til skomakar. Eg fekk mykje nyttig informasjon og god service.

Eg kjøpte to par skotre i damestørrelsen L. Eg brukar 39-40 i sko. Skotreet tilpasser seg skoen når du pressar det inn, då fotbladet på skotreet blir pressa ut i breidda i tillegg til lengda. Desse skotrea er laga av sedertre som luktar fantastisk! Godlukt i skoa er difor inkludert. 🙂

Skaftet i støvletten

Torturreiskap? Neheheida!
Torturreiskap?

Dette er eg rett og slett usikker på kva heiter. Dei vert nytta til å stive opp skaftet på høge støvlettar. Eg kjøpte mine på ein skobutikk (trur det var dna eller Bianco) for nokre år tilbake og er kjempenøgd. Ein kan godt bruke opprulla aviser og stikke ned i skafta, men desse er litt stødigare og held læret i spenn slik at det ikkje rynkar seg.

Små skotre / hovar til høghæla sko

Skal det vere ein rosa hov?
Skal det vere ein rosa hov?

Desse hovane fekk eg også kjøpt hjå Dagestad. Dei nyttar ein i høghæla sko då ein ikkje kan nytte vanlege skotre. Det finst for både spiss og avrunda tupp. Desse er for avrunda tupp.

Obs! Eg anar ikkje om ein kallar det «hov» i skofaget. Eg døypte dei det men det er nok betre om ein spør etter «skotre for høghæla sko». 😀

Smøring og impregnering av sko


Dersom ein googlar «how to polish shoes», kjem det opp eit hav av guidar og tips. Om du skal vere skikkeleg proff, kan denne filmsnutten frå ModernButlers vere kjekk å sjå!

/No er skoa mine klare for ferie fram til hausten. Det fine er at eg no mest sannsynleg vil finne dei slik dei var då eg la dei bort. Læret vil tørke, men skoa vil ikkje endre passform då dei er i spenn.

Har de nokre gode tips eller erfaringar med vedlikehald av sko?

/Inga

DSC_0206 2   DSC_0212 2
DSC_0210 2

5 thoughts on “Shoppestopp 2013 / Oppbevaring og vedlikehald av sko

  1. Så smart! Jeg er så glad i skomaker Dagestad. Han har fantastiske sko, og gjør en fantastisk jobb med skoene dine hvis du leveren dem inn til ham. Jeg fikk lagt såler på brudeskoene mine der, og det ble så fint! Han var derimot ikke helt fornøyd med utførelsen, så da fikk jeg prisavslag! Bra service, altså.

    Jeg er veldig opptatt av å kjøpe få sko av god kvalitet, og da er det veldig viktig å ta godt vare på dem. Men som du skriver – man burde ta vare på skoene sine uansett prisklasse! Til og med billige sko fra Din sko eller Bianco kan vare lenge hvis man behandler dem bra.

  2. Åh så kjekt å høyre at du også har vore innom der! Eg var kjempenøgd med servicen og gjekk smilande ut igjen. Eg går definitivt tilbake dit neste gong eg treng skomakar!

    Eg har (heldigvis) blitt meir oppteken av kvalitet med åra, og kaster ikkje sko like ofte som eg gjorde før. Eg håpar på å fortsette trenden. 🙂

  3. Eg var personlig litt overraska over kor billig det var med omsåling hos skomaker. Neste gang skal eg høyre om han kan hjelpe meg med utblokking av et par støvletter, som eg arva fra min kjære avdøde mormor.

    1. Ja, ikkje sant! Eg såla om dei høge støvlettane mine og det kosta så og sei ingenting. Ein hadde nesten litt dårleg samvit då eg gjekk derifrå.

      Så ufatteleg fint om du kan nytte støvlettar frå mormora di! Eg hadde blitt reint nostalgisk! 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s