Blomster og bier

Me må ta ein prat om blomster og bier. Det er kremt…hark….ehmm…litt viktig. For å sei det slik….

…Neida. Puh! Det er heldigvis lenge til eg må ta den praten med nokon!

Men. Me må prate om blomster og bier. Bokstaveleg talt og alvorleg talt.

Biedød eller Colony Collapse Disorder (CCD) som det også heiter, er noko forskarar over heile verda undrar seg over om dagen. Det har vore ein stor tilbakegong i bestanden av bier og humler over heile verda dei siste åra. Mest sannsynleg er det mange samansette årsakar til dette problemet. Forureining, klimaendringar og stråling frå mobil vert framheva som potensielle årsaker.

Biedød er ikkje berre eit miljøproblem, det er også eit samfunnsproblem då pollineringa til biene bidrar til 1/3 av verda sin matvareproduksjon.

Biedød vert sett på som såpass alvorleg at EU no har forbydd tre sprøytemiddel som ein mistenker bidrar til tilbakegong i bestanden. Dette er bra.

Men kva kan me gjere? Klippet ovanfor tek for seg kva hageeigarar og andre kan bidra med for å skape trivselsmiljø for humler og bier i omgjevnadene våre. Slik kan me bidra til at humler og bier får tilgong til den nektaren dei treng og får leve i eit berekraftig miljø!

Kanskje oppdagar du at du allereie har ein bievenleg hage! Eller kanskje får du idear til blomar og vekster du kan plante som hevar trivselen? Her er mange gode idear og nyttig informasjon.

/Inga

6 thoughts on “Blomster og bier

  1. Dette gleder en biologistudent sitt hjerte å lese 🙂 Og det var så interessant å lese om vedlikehold av sko som du har skrevet om under her. De rosa hovene var min favoritt, synd jeg aldri(!) går med høye hæler.

  2. Ja, dette er eit utruleg viktig tema som også me ikkje-biologar må engasjere oss for!

    Så kjekt at du tykkjer det er interessant å lese om vedlikehald. Det er mykje grøn kvardag i det også! 🙂

  3. Bra! Eg vart så glad då eg hadde tre bier summande rundt på terrassen i dag. Er litt usikker på om dei er så glade i bærbuskar og krydderplanter. Har ein busk med peoner som er på veg til å springe ut, men vurderer sterkt ein tur til plantehandlaren for å kjøpe nokre fine, opne blomar denne helga!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s