Eltefritt grovbrød med rosiner og kanel

DSC_0030 8

I dagmorges var eg på ferie i Roma. Det var forresten gjerne ikkje Roma. Det kan ha vore kva som helst europeisk by. Hovudpoenget var at eg var på ferie.

Turen gjekk ikkje lenger enn til terrassen vår, men med nykokt espresso, ei kanne varm mjølk og nybakt brød med smør på, var det nok til at eg kunne lukke augene og reise bort ei lita stund. Av og til er det ikkje meir som skal til. Slike timinuttarsferiar er gode å ha. Det treng ikkje vere noko storvegs. At du gjer noko du vanlegvis ikkje gjer, som å ete varmt rosinbrød med smør på til frukost, er nok til at kvardagen kjennes langt unna.

Denne eltefrie varianten er ein av mine favorittar. Den er nesten som kanelboller, -men hakket meir matnyttig.

DSC_0015 12

Ingredienser

  • 250 g sikta kveitemjøl
  • 250 g sammalt kveitemjøl, fint
  • 1,5 ts salt
  • 0,5 ts tørrgjær
  • 2 dl lunka mjølk
  • 2 dl lunka vatn
  • 250 g rosiner
  • kanel

1. Rør saman dei tørre ingrediensene inklusiv rosinene men utanom kanelen. Hell i lunka væske og rør blandinga saman. Ein skal ikkje elte, berre røre.

2. Dekk til deigen og la den heve i 12-18 timar.

3. Dryss litt kveitemjøl på eit bakepapir som du har på kjøkenbenken. Legg deigen på toppen. Dryss rikeleg med kanel over toppen. Brett deigen ein gong. Dryss over nytt lag kanel. Brett igjen. Fortsett til du har bretta deigen ein 5-6 gonger. Legg deigen med brettesida ned. Legg bakebolla over og la deigen kvile i 2 timar til.

4. Sett ei jerngryte med lok i steikeomnen når det er ein halvtime igjen av etterhevinga. Varm omnen opp til 250 grader.

5. Ta gryta ut av omnen, velt deigen over i gryta og sett den inn i omnen igjen med loket på.

6. La brødet steike på 250 grader i 30 minutt. Etter dette fjerner du loket og seinker temperaturen til 220 grader. La brødet steike vidare i 10-15 minutt.

7. Løft gryta ut av steikeomnen og kvelv brødet ut på ei rist.

DSC_0034 10

Rosinbrødet er forøvrig i kategorien «grovt», i fylgje brødskalakalkulatoren.

4cd9c28587a7f2.jpg

DSC_0047 10– I Roma i dagmorges –

No skal resten av dagen viast til eksamensskriverier. Det går fint, -eg har jo vore på ferie!

Er de flinke til å ta slike timinuttarsferiar? Kva gjer de eventuelt då? 

/Inga

5 thoughts on “Eltefritt grovbrød med rosiner og kanel

  1. Det brødet ser fantastisk ut! Og så deilig med ti minuttersferie, spesielt lurt i disse eksamenstider! Har du forresten tips til en ok jerngryte man kan bruke til eltefritt brød, gjerne en som ikke er så dyr? (Har en Le Creuset, men tror ikke jeg kan ha lokket i ovnen.)

    1. Ja, ikkje sant! Timinuttarsferiar er geniale i eksamenstida. 😀

      Eg veit mange har kjøpt rimelege jengryter på Jernia og Clas Ohlson. Eg fann ikkje noko på nettbutikkane deira, men fann to gode alternativ hjå Ikea. Ei leirgryte og ei støypejernsgryte. Det står at støypejernsgryta er ovnsikker, men det er lurt å forhøyre seg nærare om at alle delar (inkl. lok) toler 250 grader celsisus.

      Leirgryte Ikea:
      http://www.ikea.com/no/no/catalog/categories/departments/cooking/22671/

      Støypejerngryte Ikea:
      http://www.ikea.com/no/no/catalog/products/70131724/

      1. Takk for fine tips! Kunne tenke meg ei sånn leirgryte, så tror jeg går for den. Må uansett snart på Ikea (igjen!). 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s