Norsk mattradisjon på Aker Brygge

På torsdag var eg så heldig å bli invitert til gjenopninga av D/S Louise på Aker Brygge.

Denne staden har gått gjennom ei real endring. Lokala har fått ei ansiktsløfting, men det beste av alt er innhaldet i den nye menyen! Dei har bygd menyen rundt gode råvarer frå norske leverandørar. Resultatet er kort og godt imponerande og Oslo har fått ei ny storstove for norsk mat.

DSC_0117 4 DSC_0118 6
Å gå rundt og smake på norske råvarer og preike med leverandørane var storvegs! Spanande råvarer, spanande smakar og alt presentert på freistande vis.

DSC_0120 4 DSC_0122 3
DSC_0126 5 DSC_0127 3
Arne Hjeltnes og Heine Totland frå tv-programmet Det norske måltid var konferansierar og underheldt.

DSC_0133 3 DSC_0132 3
Etter smakerunde hjå leverandørane og talar, kunne ein gå ned i kjøkenet kor kokkane sørga for ein rikhaldig buffet med smakeprøvar frå menyen. Eg trilla heimatt!

DSC_0135 4 DSC_0130 5

I tillegg møtte eg nokre uhyre kjekke matbloggarar som eg vart sittande å skravle med resten av kvelden. Eg anbefaler å ta ein kik innom bloggane til desse dyktige (og ekstremt hyggelege) damene:

Spiselandslaget

Kjøkkenet

Momsemat

Lizas matverden

The Kitchn Queen

Bollefrua

Mat på bordet

Dette var kort og godt ei kjempeoppleving og mat for sjela ein heilt vanleg torsdag! D/S Louise og Albert Bistro overbeviste. Eg må nok tilbake for å smake meir.

/Inga

3 thoughts on “Norsk mattradisjon på Aker Brygge

  1. Flott innlegg, søta! Og så er jeg veldig glad i nynorsk, så det er sagt. Kan jeg låne noen bilder når jeg får somlet meg til å skrive fra den fabelaktige kvelden? Linker til den fine bloggen din, så klart! 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s