Shoppestopp 2013 / Mai

20130609-204341.jpg

Her kjem ei forseinka oppdatering av shoppestopp i mai-månad. Byrjinga av månaden baud på ei forferdeleg påminning om kvifor det er viktig med fokus på etisk handel.

På det personlege plan går shoppestopp framleis uventa fint. Nå har det blitt ein normaltilstand kor eg har ein tendens til å gløyme at kles- og skobutikkar finst. Tenk at det skulle skje! Shoppestopp kjennes ikkje som tvang eller kjipt. Det er rett og slett blitt heilt sjølvsagt.

Eg merkar at eg set meir pris på klea eg har hengande i skapet. Eg er flinkare til å bruke det eg har hengande og kjenner barnsleg glede over saker som eg tidlegare tok for gitt. Som å ta fram somarskoa og glede seg over kva ein har gløymt ut (!) at ein hadde.

Her er nokre erfaringar og høgdepunkt frå shoppestopp-månaden som gjekk: 

  • eg fekk nokre dagar seinare litt håp av at H&M og Zara underteikna ein sikkerhetsavtale for fabrikkane sine i Bangladesh. Auka fokus på etisk handel verkar!
  • eg har opplevd barnsleg stor glede av å få eit par sko som har vore gjengløymt på jobben i ei eva. Trass i optimistiske forsøk på å spore opp eigar, var jakta utan resultat. Og eg fekk dei. Herlighet så glad eg vart. Eg lurar på kor lenge det er sidan eg kjende slik ei lukke over å få noko. Eg gjekk med somarfuglar i magen i fleire dagar etterpå. For ei fin kjensle!20130609-204309.jpg
  • funne ut at eg har over 7 par somarsko. Ut av dårleg samvit har eg lufta eit nytt par kvar dag i løpet av ei veke. Starten vart dokumentert på instagram, men då mobilen min tok ferie nokre dagar vart dei andre lufteturane udokumentert. Uansett! Mange sko = stor sirkulasjon og mange små gleder!

20130609-204449.jpg20130609-204543.jpg
20130609-204527.jpg 20130609-204515.jpg

  • funne ut at ei fargerikt skjerf kan skjule det meste. Som til dømes ustrokne skjorter. Vips ser det ut som om ein har eit nytt antrekk, sjølv om ein i all trøyttleik har tatt på seg det same som dagen før.

20130609-204356.jpg

  • vore snill med skoa mine og kjøpt inn nyttige saker med mål om å halde dei fine og heile i lang tid framover.

20130609-204435.jpg

No er eg godt inn i juni-månad. Shoppestopp går framleis fint men eg syner ein hump i vegen i horisonten. Meir om det i eit anna innlegg!

Ha ein fin-fin søndag!

/Inga

One thought on “Shoppestopp 2013 / Mai

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s