Eit ertig mellommåltid

DSC_0140 4

Grøne erter er frykteleg godt, sunt og har ein fantastisk fin farge. Eg er blitt veldig glad i å bruke dei i supper og salatar. Her er ein ny versjon; som pesto! Servert på erteflatbrød som eg fekk med meg heim på torsdag, vart det eit skikkeleg «ertete» mellommåltid i går.

Oppskrifta er litt lita. Det rekk til to personar (eller ein om du smører like tjukt på som meg). Dersom eg skal lage dette til fleire personar vil eg difor doble oppskrifta.

Oppskrifta er heller ikkje ein klassisk pesto, då den ikkje inneheld parmesan. Det kan ein eventuelt tilsette om ein ynskjer ein rundare smak.

Nyt saman med grillmat eller fisk, på bruschetta, på toppen av pizzaen eller kort og godt på eit flatbrød slik som her.

DSC_0147 4

Ingredienser

  • 1 dl frosne erter
  • 2 ss valnøtter
  • 1/2-1 fedd kvitlauk
  • 2 ss olivenolje extra virgin
  • 1/2 ss sitronsaft/limesaft
  • Salt og pepar

Bland saman alle ingrediensene i ein blender. Køyr maskina til du har ynska konsistens. Ferdig!

/Inga

4 thoughts on “Eit ertig mellommåltid

  1. Takk for sist! Dette så kjempegodt ut. Jeg elsker også grønne erter. Og nå fikk jeg et godt tips om hva jeg kan ha på ertebrødet vi fikk i goodiebagen på D/S Louise. Takk 🙂 Fiiine bilder fra kvelden på Aker Brygge!

  2. Dette var midt i blinken! Jeg har lurt på hva jeg skal bruke den halve pakken med erter i fryseren. Dette ser godt ut! Fantastisk fin farge også. Og det er så spennende å lese om shoppestopp. I dag var jeg på shopping i Oslo før jeg dro hjem, men brukte mest tid på le Palais des Thès. Det ble bare bøker og te på meg 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s