Aspargessalat med sennepsdressing

DSC_0176 1

Då eg var på D/S Louise for nokre veker sidan fekk me mellom anna smake grøn salat med asparges og sennepsdressing. Så enkelt, så ufatteleg godt! Eg måtte difor lage ein eigen versjon i helga. Ein kan verkeleg fråtse i grøn og kvit asparges om dagen, -og det gjer eg!

Ingredienser

  • 1 bunt asparges
  • 1 boks feldsalat
  • 1-2 ts grov sennep
  • 5 ss olivenolje
  • 1 ts honning
  • 1 fedd kvitlauk
  • sitronsaft
  • salt og pepar

Kok opp ein kjele med lettsalta vatn. Brekk av tuppane på aspargesen (hald dei litt i spenn i tuppane, så brekk dei der dei skal). Skrell kjapt av det ytterste skalet nedst på tuppane. Legg aspargesen i kokvatnet og la dei trekke i nokre minutt. Hell dei ut og over i eit dørslag. Hell over rikeleg med kaldt vatn så dei kjølner fort. Evt. ha dei over i ei bolle med isvatn.

Skyll feldsalaten og fordel utover eit fat. Legg aspargesen på toppen. Bland saman dei resterande ingrediensene. Smak til med sitronsaft, salt og pepar. Hell over salaten og et!

DSC_0162 3

/Inga

10 thoughts on “Aspargessalat med sennepsdressing

  1. Så godt! Finner du norsk asparges i butikkene? Butikkene her i området har bare asparges fra Peru. Sikkert ikke noe galt med den, men jeg vil kjøpe kortreist arparges nå som det går an!

    1. Enig! Eg har diverre berre funne asparges frå Peru på den lokale Kiwien min. Den norske aspargessesongen varar berre ut juni, og etter dette er det berre importert asparges å få. Eg veit det vert fleire og fleire aspargesbønder i landet, men det er framleis litt for vanskeleg å finne i vanlege matbutikkar. Eg hadde prøvd på Meny, Ultra etc. Dei har eit breiare vareutval. Lukke til!

  2. Det så godt ut! Hvilken olivenolje bruker du? Jeg er ikke så glad i olivenolje, men det finnes så mange gode oppskrifter med olivenolje… Så langt har jeg som oftest byttet ut olivenolje med rapsolje i oppskrifter.

    1. Akkurat no byter eg på to ulike olivenoljer. Eg brukar extra virgin på salatar og kalde rettar. Olivenolja eg brukte i denne oppskrifta er økologisk og vart kjøpt på Whole Foods i London.

      Elles brukar eg ei Fontodi-olje som er frykteleg god. Det er denne: http://www.fifteenshop.net/engine/shop/product/F0311F08/Fontodi+500ml+Extra+Virgin+Olive+Oil+sourced+by+Jamie+Oliver

      Elles brukar eg mykje rapsolje i varmrettar, til steiking etc. Det er heilt fint å nytte rapsolje i salatar også om ein ikkje har sansen for olivenolje. Anbefaler likevel å smake deg litt rundt, då det finst mange olivenoljer som er særs milde på smak!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s