Shoppestopp 2013 / Om humpar i vegen

20130630-184757.jpg
– Tittel på biletet: hump og dokost.  –

Hugsar de eg nemnte at eg synte nokre humpar i vegen i dette shoppestopp-prosjektet? Humpane, eller snarare humpen nærmar seg fortare enn fortast. Dette shoppestopp-prosjektet gjekk forsåvidt så alt for greitt, så kvifor ikkje legge ein graviditet? -tenkte eg. Neida. Joda. Neida.

Dette er ein veldig hyggeleg (og etterlengta) hump. Per no er den i veke 21 (for de som er like lite oppdaterte på slikt som meg før eg vart gravid, så betyr det at eg er rett over halvvegs). Grunna den tidlegare nemnte lange overkroppen, har ikkje humpen byrja å komme til syne før no. Men no kjem den stormande, og byr snart på nye utfordringar i shoppestopp-prosjektet.

Enn så lenge passar dei vanlege kleda mine. Eg har heldigvis mange lause overdelar og anna som eg kan vekse i. I tillegg har eg fått arve litt klede frå venninner og familie som tykkjer det er synd i ein gravid shoppestoppar. Eg på mi side er stornøgd med det. Ei sak er at eg ikkje skal kjøpe nye klede, men å måtte krype til korset for å kjøpe klede som eg berre kan nytte i nokre månadar før dei hamnar langt bak i skapet, fortonar seg akkurat no som litt småkjipt.

Mest sannsynleg er dette ein alt for breial og eplekjekk holdning til svangerskap og shoppestopp-prosjekt. Mest sannsynleg må eg på eit eller anna tidspunkt bite i det sure eplet for å unngå å gå i badekåpe på jobben. -Men, aller mest sannsynleg, kjem eg til å gjere mitt ytterste for å oppretthalde shoppestopp-året. For det er jo det som er målet, med eller utan super size me-prosjekt.

Fylg med vidare!

/Inga

14 thoughts on “Shoppestopp 2013 / Om humpar i vegen

  1. For en fin hump! Gratulerer så mye. Lo så godt av badekåpepåjobben-setningen:) Vel, mine tips er UnderbaraClara som skriver fantastisk om tøy og graviditet(vet ikke om du kanskje allerede har lest henne?) og kjolerkjolerkjoler(som kan brukes når man ikke er gravid også). Nå skal det sies at jeg ikke er gravid eller har vært det, så jeg vet da egentlig ikke så mye. Noen plagg må man kanskje ha etter hvert, men å kunne arve en del er jo flott! Nå blir jo shoppestoppen enda mer spennende, Badass shoppestopp liksom 😉

    1. Hahaha, herleg! Ja, dette blir badass shoppestopp! Eg les Underbara Clara sine blogg og ho skriv (som vanleg) mykje klokt. Eg skal leite opp innlegget hennar om gravidklede, -for det trur eg ikkje eg har lest. Takk for tips kjære du!

  2. Gratulerer igjen! Jeg måtte pensjonere mine vanlige jeans ganske tidlig, men brukte ellers mange av de vanlige klærne mine ganske lenge. Flere bluser og kjoler bruker jeg fremdeles, en uke før termin. Ellers synes jeg voksende gravidmage er en helt legitim unnskyldning for å gjøre noen unntak fra shoppestopp altså 🙂

    1. Takk skal du ha! Eg har måtte pensjonere nokre jeans eg også, men tre som er veldig låge på livet held enda. Magen kikar akkurat ut. Takk for stønad ang. gravidkjøp! Som sagt, det kan godt hende eg må krype til korset, -men då er jo eigentleg naturens gong ein legitim grunn. 😀

  3. Ååå, så koseleg med hump! Det var ein riktig så fin hump:-) Gratulerer! Eg måtte definitivt kjøpa gravidklede då eg var gravid, behovet melde seg vel ca. halvvegs. Eg gjekk opp 29 kg til slutt, så det var rett og slett ikkje mogleg å bruka nokre av dei vanlege kleda mine dei siste månadene. Eg likte godt gravidbuksene på H&M, hugsar eg. (Og gravid- og ammekleda på H&M er ofte økologiske, faktisk. Dei veit vel at gravide bit på slikt;-)) Og ein liten ting til: Med det same ungen er ute, er det fint å framleis gå med gravidklede. Magen (og kiloa) forsvinn nemleg ikkje med ein gong ungen er ute … så kleda kjem heilt sikkert godt med på lengre sikt òg;-)

    1. Ohoi! Takk for gode tips du! Ja, om dei køyrer gravidklede i økologisk bomull har dei fort meg på kroken også. Snedig! 😀

      Takk for gode råd. Eg tykkjer det er veldig alright å få tips frå vande fjellfolk, jordmor og lege i staden for å søke det opp på nettet og i mammablad. Det blir eg berre ein smule stressa av. Altså; pøs på med tipsa! Det blir eg berre glad for.

  4. Gratulerer så mye! Har ikke kommentert her så mye før, men har satt pris på oppskrifter og ditt smarte hode.
    Jeg kunne ikke vært mer enig! Jeg ser for meg at klær man kjøper til en graviditet er så «bortkastet». Selv har jeg mange klær som er store nok og har snitt som tilsier at en gravid kvinne også kan gå i dem. Men jeg ser jo for meg at hvis jeg blir gravid en gang må jeg jo gå til innkjøp av NOEN plagg. Men man vet jo ikke om man får gått gravid igjen, hvordan kroppen ser ut da, om jeg da får trillinger og ikke får brukt dem o.l.. Gjenbruk er noe jeg brenner for, på alle områder! Jeg klarer ikke å kaste klær, selvom jeg vet at jeg aldri kommer til å bruke dem eller sy dem om.
    Så kjekt at venninnene dine deler med deg!
    Du ser strålende ut 🙂

    1. Hei! Så hyggeleg at du la igjen ei kommentar!

      Eg brenn for gjenbruk og (som du les) tykkjer eg tanken på å kjøpe nytt dei siste mnd er litt kjipt. Men, som kloke Ragnhild skriv ovanfor her. Gamlekroppen er mildt sagt ikkje tilbake etter fødselen, så det er godt å ha tilgong til omfangsrike klede då og. Eg har fått både bukser og toppar så eg er på god veg. Eg er heldig! Takk for fine ord kjære du!

  5. Hei Inga, gratulerer så mye. Denne humpen var koselig nyhet.
    Fortsatt god sommer.
    Klem Grete

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s