Bygdakjærleik og eit tankeras kring trening

20130701-172106.jpg20130701-172127.jpg20130701-172246.jpg

Det er litt stille her om dagen. Grunnen er at denne dama har reist heim på ferie! Når eg skriv «heim» betyr det framleis heim til barndomsbygda.

Eg kjem i kategorien «ekstremt heimekjær». Ei slik ei som snufsar høgt når ho høyrer bygdasongen og som tykkjer det å tusle rundt på heimstaden med ein kaffikopp er toppen av lukke.

Då våren gjekk på turbo med innspurt på studiet, innspurt på jobben og voksande hump, var underteikna litt frynsete i kantene i slutten av juni. Då var det godt at to ferieveker venta i finaste bygda.

20130701-172156.jpg20130701-172116.jpg20130701-172322.jpg

Eg har brukt den første veka godt. Små og store middagslurar, pusling i åkeren til mor, kaffidrikking, lesing, sosialisering, og fjellturar har stått på agendaen.

20130701-172347.jpg20130701-172401.jpg20130701-172411.jpg

FOR ein medisin det har vore å komme seg ut! Eg har sete krokbøygd over pcen samtlege helgar og ettermiddagar dei to siste månadane for å komme i mål med alt eg skulle gjere. Det å endeleg ikkje ha noko på tapetet og heller gå ut, har vore heilt fantastisk. FOR ein energi ein får, FOR nokre turopplevingar og FOR eit humør ein får!

20130701-172420.jpg20130701-172428.jpg20130701-172434.jpg

Då eg kom heim printa eg ut ein oversikt over dei ulike toppane med nutebok på kommunen sine heimesider. Som dei fleste nordmenn er eg (trass denne bygdakjærleiken) rimeleg tunblind. I alle år har eg gått opp og ned ein einaste nut og ikkje lagt merke til alt det flotte rundt meg. Denne somaren bestemte eg meg for å bli betre kjend med nærområdet og turmoglegheitene. Det har vore ei stor oppleving.

20130701-172218.jpg20130701-172235.jpg20130701-172441.jpg

Eg har oppdaga så utruleg fine stader og utsikter som eg ikkje ante var rett utanføre døra. Eg har alliert meg med vener som er meir kjende i områda («vis meg din nut, skal eg vise deg min») og det har det blitt fine, sosiale turar av. Å gå på tur med kjekke folk og la skravla og beina gå, er kort og godt mat for sjela.

20130701-172206.jpg   20130701-172145.jpg

Og det er her eg kjem inn på det dette innlegget eigentleg skulle handle om. Nemleg trening. Pulsklokka og RunKeeper-appen har gått i gløymeboka. I staden har det einsformige fokuset på trening for berre trening og persing si skuld, blitt erstatta med turglede og ei generell glede av å bruke kroppen. Det kjennes kort og godt meir meiningsfullt å ta ein fjelltur i godt lag enn å springe vetet av seg på tredemølla. Betre for skranglete kne er det og.

20130701-172301.jpg   20130701-172313.jpg

Eg er over gjennomsnittet interessert i trening og kosthald. Den siste tida har eg likevel blitt ufatteleg lei fokuset som gjeld. Strenge treningsregime og kompliserte kosthald er blitt ein raud tråd på mange treningsbloggar, i artiklar med meir. Kor vart det av den vanlege gleda av å vere i aktivitet og bruke kroppen? Kor vart det av «litt av alt»-mentaliteten? Kvifor er det blitt slik at ein fjelltur ikkje er nok, så lenge du ikkje har tatt den som eit motbakkeløp? Eg håpar og trur eg ikkje er den einaste som tykkjer trenings- og kosthaldshysteriet har tatt litt av.

20130701-172334.jpg   20130701-172600.jpg

Eg er redd me gjer folkehelsa vår kort og godt dårlegare ved å komplisere trening og kosthald.  I forvirringa rundt kva som eigentleg er bra for oss, resignerer me og orkar ikkje heilt å ta stilling til det eller finne ut av det sjølve.

Me treng meir av den gyldne middelvegen, meir av ei generell glede av å vere ute i friluft og meir glede av å bruke kroppen fordi det gjer kropp og sjel godt, -ikkje nødvendigvis fordi ein skal gå Marcialonga eller springe Holmenkollstafetten på ny tid.

Eg ynskjer meg tilbake til old-school-versjonen, der den gyldne middelvegen gjaldt både kosthald og aktivitetsnivå. Det er heilt greit å ikkje jakte på makspulsen under ein fjelltur.  Å drikke ein latte er ikkje å skeie ut.

Ein skal ikkje først og fremst trene for å trene, men fordi det er lystbetont og gir oss fine opplevingar i kvardagen. Det gjer kroppen gladare, -både i dag, i morgon og om tredve år.

Dette er ikkje meint som ein peikefing. Eg har full respekt for dei som spring løp og trener mot nye rekordar. Eg er tross alt ein av dei sjølv.

Likevel vil eg bli flinkare til «kvardagstreninga». Å sykle til jobben, å gå til butikken i staden for å køyre, å gå ein fjelltur med fine folk i staden for å gå på cafe, er gode døme. Eg heiar på eit kosthald bygd på sunn fornuft og moglegheiter for litt Walters mandler-stunder på sofaen.

Som bygdadiktaren min Ingvar Moe skreiv i diktet Perspektiv; «Me ska leva så kort og vara daue så skrekkjele lengje». Moralen er (fri dikttolking): ingen grunn til byte ut Walters mandler med proteinpulver her altså.

Kva tykkjer de kloke folk? Er trenings- og kosthaldfokuset gått for langt, -eller har me berre godt av det?

/Inga, som gler seg enormt til nye endorfinturar med fine folk i løpet av somaren!

Klok lesnad vidare:

Helsedirektoratet sine kosthaldsråd

Minismartinis sitt innlegg Om å være sunn / historien om da jeg nesten mista favorittordet mitt
– eit hjartesukk eg kjende meg igjen i.

Lidenskap for sunnhet sin bloggpost Kor sunt er det eigentleg å vere «sunn»? 
– denne dama trenar mykje. Langt meir enn kva eg nokon gong kjem til å gjere. Likevel har ho ei enorm glede av å bruke kroppen, å vere ute og oppleve naturen som smittar stort gjennom bloggen. Akkurat no syklar ho Noreg på langs og oppdateringane hennar er morosame, fine, interessante og enormt motiverande for å forsere dørstokken.  Les det einskilde innlegget for kloke ord, eller heile bloggen for fleire kloke ord og haugevis med treningsglede og naturopplevingar.

8 thoughts on “Bygdakjærleik og eit tankeras kring trening

  1. Jeg kjente på et punkt at jeg var litt for opptatt av sunnhet og kosthold, og bestemte meg for å «nip it in the but». Jeg begynte å bake mer(det er jo så «usunt» med hjemmebakt brød…) og prøvde å stresse mindre. Jeg har oppdaget at den passe brede figuren min ser ekstra fin ut i kjole:) Jeg er litt lei av treningssenteret, og vurderer å utfordre meg selv med å kun trene ute(er jo ikke store utfordringen når man er nabo med en lysløype). Høsten for to år siden gikk jeg og samboeren masse tur, og de ekstra kiloene jeg hadde raste av uten at jeg fokuserte på det. Jeg ble samtidig så glad av å være ute så mye. Vi har også begynt å kave rundt i snøen om vinteren. Jeg blir fnisete, vi gjemmer oss bort i skogen, snakker om drømmer for framtiden og holder hender. Det er finfin trening. Forrige helg var vi på dugnad, gravde vei og bærte stein som trening.

    Jeg har for resten kjøpt meg både leirgryte og jerngryte på bruktbutikken(20 kroner for hver), så nå gleder jeg meg til å prøve eltefritt brød i jerngryte og god mat i leirgryte. Kjøpte meg samtidig en norsk, 80-talls kokebok om mat laget i leirgryte og der var det noen oppskrifter som fristet. Tror jeg skal prøve meg på paella(veldig fornorsket) først 🙂

    P.S: Jeg sier hjem om studenthybelen, og så sier jeg hjem-hjem om hjemstedet 😉

    1. Åh, så fin (og romantisk) kvardagstrening du driv med! Eg heiar også på utetrening. Eg meldte meg ut av treningssenteret i vinter, men meldte meg inn på Sats då eg vart gravid. Eg har ikkje sjølvdisiplinen til å drive styrketrening heime men styrketrening er litt alright å halde i gong når ein skal bere tungt i mange månadar (og for så vidt etterpå). Eg har likevel fortsatt med kondisjonstrening utandørs, så tek eg einaste styrkeøktene innandørs. Det funkar som berre det.

      Oh, jerngryte! Då er du i gong!! Lukke til med 80-talskokkeleringa! Der finn du nok mange gullkorn! Gamle kokebøker er stas.

      Kos deg heime eller heime-heime no i somar!

  2. Åh, nå gleder jeg meg bare enda mer til min bygdetur!

    Men ja. Jeg leter støtt og stadig etter den gyldne middelveien. Jeg har sluttet å tenke så mye, nå gjennomfører jeg bare den treningen jeg har lyst og ork til. Tror det viktigste er å holde seg i aktivitet og ikke bare sitte på rumpa hele tiden.

    1. Enig! Ein skal halde kroppen i aktivitet, men samstundes behalde treningsgleden og ikkje dyrke fram treningsavhengigheten. Det trur eg er kort og godt sunt.

  3. Eit godt innlegg! Heilt samd med deg! Her på Vestlandet er det fantastisk natur rett utanfor ytterdøra, og I DAG byrja eg faktisk å jogga! Eg kjøpte ein app som skal læra meg å jogga 30 minutt utan å gå i løpet av ni veker. Slikt likar eg, eg treng nokon som fortel meg kva eg skal gjera når målet er å få betre kondis;-) Men som du seier: Vi treng litt av alt. Eg treng i alle fall både disiplin og turar utan å telja steg. Og med ein gut på 3 år så seier det seg sjølv at ein må vera tolmodig og ta tida til hjelp når ein er på tur;-) Eg håpar at han skal bli glad i vera ute i naturen, og då er det veldig viktig at vi vaksne går føre som gode eksempel og viser turglede (og tolmod).

    PS: Har byrja blogga att:-D

    1. Så kjekt å høyre!! Å jogge er tungt i starten, men det vert berre meir og meir lystbetont. Eg tykkjer det er fantastisk fint å halse av garde og la tankane fly. Kjempelurt å alliere seg med ein app! Då vert det lettare å ta det skritt for skritt og ein går ikkje på ein smell første veka.

      Nok eit hurra for at du har byrja å blogge att! Eg gler meg til å kike innom!

      Eg er så enig med deg angåande vaksne som går foran som eit godt eksempel. Eg ynskjer sterkt å bidra til turglede og generell glede av å bruke kroppen når ungane mine veks opp. Små (og etter kvart større) ekskursjonar fullasta med tolmod, niste og evna til å legge merke til det rundt seg, er noko eg håpar eg får til både titt og ofte.

  4. Så fint innlegg! Jeg er helt enig med deg. Nå som vi har fått østmarka som nærmeste nabo, har jeg virkelig gjenoppdaget hvor mye glede man kan ha av naturen. I kveld gikk vi tur og fant en hel liten andefamilie sovende ved vannkanten, for eksempel. De var så fine!

    1. Å så koseleg! Østmarka skal vere kjempefin. Så heldige de er som har den rett utanføre døra! Ja, å komme seg ut er noko for seg sjølv. 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s