Lefserullar til kveldsmat

DSC_0239

Denne veka er eg og mormor heime aleine på tunet. Eg jobbar litt på dagtid denne veka og ho lagar middag til eg kjem heim.  Om kvelden er det te og kveldsmat. For eit luksustilvære!

I går kom kusina mi og på kveldsmat. Ho hadde vore på Ekstremsportveko på Voss kor ho til og med hadde konkurrert i frikjøring! Me som ikkje er fullt så tøffe fekk full rapport frå ei kjekk veke. For  å bøte litt på blåmerkene ho hadde med seg i heim att, slo me til med lefserullar til kvelds.

Med få ingredienser og ein pakke lefser (eg brukar Vestlandslefser om eg ikkje har heimebaka) kan ein lage ein storslegen kveldsmat. Dette fungerer forøvrig som lunch også, -for ikkje å snakke om turmat!

DSC_0237

Eg er veldig glad i søtt og salt saman. Etter ein runde i kjøleskapet til mormor, vart desse tre variantane prøvd ut i lefsene. Det var godt som berre det, uhyre enkelt og bra mat for sletne kroppar!

Lefserull med appelsinskinke, ruccola og plommechutney frå Hardanger

DSC_0226

Eg er veldig glad i chutneyane frå Hardanger. Gode krydder saman med sylta frukt gir ein indisk vri på maten. Mormor hadde fleire sortar i kjøleskapet men eg gjekk for den med plomme. Saman med salt skinke og mykje salat var det rett og slett digg!

Lefserull med vellagra Jarlsberg, ramslaukpesto og ymse salat

DSC_0217

Ramslauk er Noreg sitt svar på kvitlauk. I pestoversjon er den uhyre god (mormor hadde ein tysk versjon, men ein finn mange fine norske variantar på marknaden). Saman med vellagra ost og litt ymse salat (raudbetblad og feldsalat) vart det  ein høgdare.

Lefserull med gamalost, rømme og tyttebærsyltetøy

DSC_0235

Gamalosten held på å få vind i segla. Det er ikkje dumt. Den er jo så god! Saman med litt frisk rømme, litt salat og noko søtt som til dømes tyttebærsyltetøy er det kort og godt kanongodt (men passar gjerne best for vaksne smakslaukar)!

DSC_0265

Nyt med ein kopp te og i godt lag!

/Inga

2 thoughts on “Lefserullar til kveldsmat

  1. Nam. Jeg har et spørsmål angående eltefritt brød. Den jerngryta jeg kjøpte hadde ikke lokk, hva gjør jeg? Aluminiumsfolie over eller ingenting?

    1. Ja, eg ville ha prøvd det. Viss ikkje fungerer den som ei vanleg brødform (men med ekstra oppvarming i botn og på sidene) og det kan ein også bake eltefritt brød i. Prøv både med og utan, så ser du kva som funkar best!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s