Parabenfrie somarfavorittar

DSC_0288
Solkrem frå La Roche-Posay, verdas beste somarlukt og bodylotion frå Verbana-serien til L’occitane,  farga leppomade frå norske Kremfresh, mineralpudder frå Jane Iredale og Shea smør for ein veksande gravidmage.

Denne bloggen inneheld litt skriverier om grøn kvardag. Eg er ingen ekspert.  Eg er snarare ein heilt gjennomsnittleg nordmann som ynskjer å leve eit grønare liv. Denne bloggen vert forhåpentlegvis nytta til å spreie noko av kunnskapen eg samlar på vegen.

Eg reiser til det glade Sørrrland i morgon og har med nokre fine saker i bagasjen for å ta vare på huda. Fleire av desse er gamle favorittar.

Hudpleie er noko eg prøver å vere litt bevisst rundt når eg handlar. I første omgang går eg etter hudpleieprodukt utan parabenar. Det er langt fleire ingredienser ein bør vere skeptisk til, men parabenar er er ein fin stad å byrje då det er mykje fokus på dette konserveringsstoffet no. Alle produkta ovanfor er parabenfrie.

Her er nokre saker som er greie å ha kjennskap til i hudpleie- og kosmetikkjungelen:

Har de nokre tankar rundt dette, eventuelt nokre gode og grøne tips i hudpleievegen? Kom med dei! 🙂

/Inga

5 thoughts on “Parabenfrie somarfavorittar

  1. Jeg har vært mest opptatt av å unngå produkter som er testa på dyr, men prøver å holde meg unna parabener osv. også. Det er ikke så lett å orientere seg, for man skal ha god oversikt for å vite hva alle ingrediensene er! Derfor synes jeg det er fint med en sånn app, den skal jeg laste ned. Jeg tenker at det beste tipset er å holde det litt enkelt, sheasmør som du viser fram er jo for eksempel superbra!

    God tur til Sørlandet, høres fint ut!

    1. Nei, det er utfordrande å skaffe seg denne oversikten. Difor har eg valt same taktikk som deg, å byrje med nokre få ingredienser eller t.d. testing på dyr. Då er det lettare å finne fram i jungelen! Nyt tida framover Ine!

  2. Den enkleste måten er jo faktisk å bruke så lite som mulig av hudprodukter. Jeg bruker kun maskara(der reagerte jeg faktisk på den fra L’occitane…) av sminke. Ellers så bruker jeg ansiktskrem og body butter fra änglamark, shampoo fra avalon organics(iherb), balsam fra giovanni(iherb) og deoderant fra body shop. Jojoba olje er også fantastisk, og det kan man bruke både som fuktighetskrem og hårkur for eksempel.

    Sist jeg var på gardermoen oppdaget jeg Korres, og det merket syns jeg virker veldig bra og det er heller ikke for dyrt. Jeg kjøpte parfyme og after sun krem(som skal stå i kjøleskapet fordi den inneholder yoghurt). Når jeg trenger noe nytt skal jeg prøve meg på mer fra Korres. Jeg må også finne meg en god solkrem uten alt for mye ekle saker i. Men det er ofte så dyrt syns jeg…

    1. Så mange fine tips! Eg har høyrt mykje bra om Änglamarkt. Tenkjer å prøve ut babyprodukta deira når det er dags. Spanande med Korres! Det skal eg jammen meg sjekke ut, -og ja, det beste er å bruke minst mogleg 😉

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s