Matarv

Vakkert verkty spør du meg! Kjevla er handlaga av bestefar til mannen. Stas!
Vakkert verkty! Kjevla er handlaga av bestefar til mannen. Det er stas. 

Mannen er minst like oppteken av mat som meg. Det er veldig kjekt, smakfullt og ikkje minst behageleg då han ofte kokkelerer på kjøkenet og eg kjem til dekka bord. Takknemleg for å leve i likestilte 2013? Yes indeed!

Med røter i Valdres har han mange gode matminne frå barndomen. Mellom anna bestemora sine flatbrød som ho oppbevara i ei eiga skuff i kjøkenbordet. Matlaging og matminne er verdifull arv frå tidlegare generasjonar. Han har difor bestemt seg for å få dreisen på flatbrødbaksten for å vidareføre mattradisjonen. Det er eg kjempeglad for då flatbrød er genialt godt til suppe, risotto og andre rettar. -For ikkje å snakke om eit enkelt mellommåltid med mykje godt pålegg! Å ha eit lager med godt flatbrød er kort og godt kvardagsluksus.

Flatbrødprosjektet vart prøvd ut for første gong for nokre dagar sidan og viste seg å vere ein heidundrande suksess. Det vart ein stor porsjon nydelege, grove og knasande sprø flatbrød. Mykje er allereie fortært eller gitt bort til naboar. Med fulle hus på tunet og mange rundt matbordet vert det sett pris på og forsvinn fort.

Kanskje kan dette bli fast førjulsprosjekt? Heimebakst er veldig kjekke gåver. I tillegg smakar flatbrød supert til julematen. Jepp. Det trur eg me må få til.

Her er nokre smugkik frå heimebaksten. Eit kjekt somarprosjekt på ein elles regnfull vestlandsdag.

DSC_0134

DSC_0124DSC_0146DSC_0149DSC_0155DSC_0158DSC_0182

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s