Kryddersmør frå hagen

DSC_0120 1   DSC_0127 1

Me har vore ei veke på Vestlandet no etter endt ferie på Sørlandet. Eg krampeheld på hageidyllen før me bilar vidare til Valdres. Det er så uendeleg fint å ha tilgong til ein hage propfull med ferske krydder, salat med meir. Då er det enda kjekkare å lage mat (sjølv om, kremt, ein lagar minimalt med mat på dette tunet då det er mange ivrige kokkar).

Ei av sakene eg må lage når det er somar, er kryddersmør. Det er ufatteleg godt! Det er enkelt å lage og dersom ein frys det ned porsjonsvis, har ein somarleg kryddersmør langt utpå hausten.

Eg brukar 1/2 kg pakke med romtemperert meierismør, 2 fedd kvitlauk og 1-2 handfuller ulike krydder frå hagen. Her er regelen more is more! Eg nytta basilikum, løpstikke, sitronmelisse og litt graslauk.

Finhakk krydderet og press kvitlauken. Rør saman med smør og ha i ei krukke eller boks med lufttett lok. Dette er nydeleg til flatbrød eller brød attmed middagen. I tillegg er det veldig fint å gi bort!

Dersom du ikkje et opp alt iløpet av eit døgn, er det lurt å pakke smøret i passande porsjonar i plastfolie og fryse ned. Då det inneheld ferske urter skal ein ikkje la det stå for lenge. Med tørre urter held det seg lenger i kjøleskapet.

/Inga a.k.a. bonderomantikar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s