Grasrotrøyrsla

DSC_0074Då me var på Sørlandet la me turen innom hytta til foreldra til vener av oss. På plenen bak hytta hadde far i huset starta eit fantastisk morosamt prosjekt, -nemleg humlepark!

For å bidra til å bevare humlebestande på den vesle øya, hadde han latt vere å klippe deler av plenen slik at markblomane vaks fram. Slik kunne humlene finne nektar i kjende vekster på øya. På det meste hadde det vore 25 humler samstundes på den vesle flekken! Då me var der var der konstant summing og liv frå travle humler.

Eg elskar slike små grasrotprosjekt. For ein fin idé og så koseleg det må vere å fylgje med på utover somaren!

Kanskje har du ein liten grasflekk eller eit lite område i hagen kor planter frå den lokale faunaen kan få vekse fritt? Kvifor ikkje vie den til din eigen humlepark! 🙂

Eg har skreve litt om kvifor me må støtte opp om biene og humlene tidlegare. Det kan du lese om her!

/Inga

DSC_0078 DSC_0083

One thought on “Grasrotrøyrsla

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s