Nedtrapping etter lappesesongen

DSC_0348Lappar er somarmat for meg. Ingenting er som å lage ei lapperøre, ta takka ut og steike etterkvart som ein et. Nydeleg og avhengighetsskapande. For å sei det slik; eg har ete min del denne somaren.. Jeez Louise..

No er ferien litt på tampen og det er på tide å byrje å vende seg mot kvardagen. Ein brå overgong kan vere brutalt for dei fleste, så her må ein til med ei nedtrapping. Eg laga difor frukostlappar til helgefrukost i dagmorges. Desse er likevel ein litt meir nyttig versjon for kroppen. Dersom ein legg ingrediensane inn i brødskalakalkulatoren vert dei kategorisert som ekstra grove! I tillegg inneheld dei ikkje sukker.

Å ete dei varme saman med salt pålegg eller ost er ein super start på dagen. -For ikkje å snakke om du rundar av måltidet med eit par lappar til og noko søtt! Då kan ikkje dagen bli anna enn bra.

DSC_0357

Byggrynslappar

  • 1 dl byggryn
  • 2 dl vatn
  • 100 g sammalt rugmjøl
  • 60 g sikta kveitemjøl (gjerne Fibra)
  • 1 ts natron
  • 2 egg
  • 2 – 3 dl mjølk

La byggryna småkoke med vatnet i 25-30 minutt. La byggryna kjølne litt før du blandar dei saman med resten av ingrediensene. (Byggryna kan ein godt koke kvelden før.)

Bland saman alle ingrediensene og steik lappar på middels/litt over middels varme på takke eller i steikepanne. Server medan dei er nysteikte.

/Inga

2 thoughts on “Nedtrapping etter lappesesongen

  1. Måtte jo prøva meg på lappar til søndagsnonsen i dag, etter inspirasjon frå deg. Og eg innsåg kjapt at her var det stort rom for forbedring! Men me må jo prøva og feila litt når me ikkje har steiketakka til ho mor tilgjengelig + har ein ny og uvant induksjonstopp. Så har du nåken tips til meg? Og oppskrift på ei heilt vanleg lapperøre!?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s