Grøn kvardag / Bruk mikrofiber

DSC_0096 1

Eg har ikkje talet på kor mange toalett og golv eg har vaska sidan eg starta i arbeidslivet som trettenåring. Det eg likevel kan hugse er Jif-rusen som eg mange gonger har vandra rundt i, -og som eg er blitt meir og meir skeptisk til.

Dette har ført til at eg har konvertert til mikrofiber og vatn på heimebane. Det er heilt genialt!

Visste du at bruk av mikrofiber under reingjering er minst like effektivt mot bakteriar som tradisjonell reingjering med kjemikalier? Bruk mikrofiberkluten tørr, sentrifugetørr eller med berre vatn, -alt etter kva du skal reingjere.

Dette er ein langt meir miljøvenleg måte å reingjere på, då ein sparar omverda for dunst og utslepp frå kjemikaliene i reingjeringsmidla. Mikrofibra er statiske slik at dei lettare trekk til seg støv og partiklar. I tillegg er fibrane så små at dei reingjer grundig kor andre klutar ikkje kjem til.

Mange mikrofiberklutar er av resirkulert materiale og nokre forhandlarar har til og med ei eiga resirkuleringsordning når klutane er utsletne (t.d. Enjo). Klutane kjem i ulike variantar for ulike formål og i ulike prisklassar. Eg har pleid å kjøpe Coop sin firpakning (eller var det topakning?) for ein rimeleg penge. Perfekt størrelse, supergode og ein får det gullande reint!

Ein oversikt over  svanemerka mikrofiberklutar finn du her.

God fredagsvask!

/Vaskepott

4 thoughts on “Grøn kvardag / Bruk mikrofiber

  1. Jeg har gulvklut, støvklut og vindusklut(2pk) av mikrofiber. Favoritten er nok støvkluten, det er rett og slett helt genialt å få tørket støv i hele leiligheten på 5 minutter 🙂 Jeg har planlagt å bruke opp alt jeg har av vaskemidler, og så kutte ned til kun oppvaskmiddel(litt oppvaskmiddel og vann på en flaske holder til det meste). Og så kan man bruke natron(eller er det bakepulver?) og eddik når man skal rengjøre ovnen med vanskelige flekker.

    Et annet miljøvennlig tips som ikke har noe med dette å gjøre:
    http://studenterhjemmet.blogspot.no/2011/08/sparetips-glatte-legger-rett-og-slett.html
    Jeg har akkurat den modellen hun prater om og er grisefornøyd!

  2. For eit fint tips!! Det trur eg eg må skaffe meg. Barberblad er lite haldbare greier. Dette er jo eit genialt gåvetips til menn også!

    Eg har også litt reingjeringsprodukt igjen. Planen er å bruke dei opp. I tillegg er grønsåpa alltid i hus, men då fordi den er brukt til fotbad! 😀 Det er eit hav med husmortips på verdsveven kor ein kan lære korleis ein kan reingjere, pusse og fikse med saker ein allereie har i kjøkenskapa. Som du nemner, eddik og natron er gull. I tillegg er sølvpussetrikset med aluminiumsfolie, salt og varmt vatn eit supertriks her i heimen!

  3. Hvordan skal man egentlig vaske disse klutene? Jeg hadde noen fra Clas Ohlson (sp?) som funket kjempebra til å begynne med, men nå begynner de å lukte stramt (= bakterievekst) etter to dager på kjøkkenet. Jeg har vasket de på vanlig 60-gradersvask med OMO og det ser ut til å ta knekken på de bakteriedrepende egenskapene, men det står ikke noe på pakningen om at de skal vaskes på annen måte heller. Tips?

    1. Hei! Eg bruker klutane opp til to dagar og passar på å skylle dei godt før eg heng dei til tørk. Ideelt sett skal ein sikkert bruke ein klut om dagen for så å byte den ut, men det har ein tendens til å gå to eller fleire dagar her.

      Eg vaskar alltid klutane på 60 grader og tykkjer det fungerer bra. Klutane eg har, har eg hatt i opptil 4-5 år, og dei er framleis like gode. Eg hadde difor berre fortsatt å vaske dei på 60 grader slik som du gjer. 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s