Siste hausting 2013

DSC_0070 1I fjor dyrka me tomater på terrassen til den store gullmedaljen. Siste haustinga såg slik ut. I år droppa me tomatene og kjøpte optimistisk inn bærbuskar og jordbærplanter. Nærare bestemt blåbær, solbær og rips. For å sei det slik; det vert ein hardare vinter i år om me skal klare oss på årets produksjon! Makan. Jordbæra skal visstnok ha vore her, men modna og råtna igjen før me kom heim frå ferie. Jordbærplanter er berre stas om du er heime til rett tid.

Bæravlinga vart sparsommeleg men etter utsagn frå dei flinke folka på Plantasjen, skal det bli betre avling til neste år. Me kryssar fingrar og tær for det. I mellomtida har eg frose ned den eine handfullen med avling og skal nytte den til noko fint og godt i helga. Her må berre litt idémyldring til først!

No er terrassen rydda, vaska og klargjord for hausten. Mon tru kva me skal prøve oss på til neste år?

Ha ein fin torsdag!

/Inga

3 thoughts on “Siste hausting 2013

  1. Fyttigrisen for en fin blogg du har, Inga 🙂 Og jo mer jeg lærer deg å kjenne, jo mer imponerer du meg! Du er rett og slett knallbra! Ha en strålende helg med mannen og knerten:)

  2. Kjære Hilde! Så ufatteleg fint sagt!! I like så. Eg diggar deg! Så heldige me er som fekk deg som kollega!! Ei nydeleg helg til deg og. 🙂

  3. Takk det samme! Også har vi jammen meg en super arbeidsplass med masse flotte kollegaer :):) klem

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s