Om Barolo som bjeffar. Eit boktips som varmar i haustmørket.

DSC_0139 6

Før eg vart gravid kvitra nokon til meg at «når ein er gravid mister ein all lyst på alkohol!». Det er omtrent den største løgna eg er blitt servert i mitt liv.

Jodå. Det er fullstendig uaktuelt å smake alkohol medan ein er gravid. Det er noko som også er veldig enkelt å overholde. Men. Lysten. Smaken. Lukta. Saknet. Det er der så til dei grader.

Me snakkar ikkje her om saknet etter alkohol i volum. Alle som har vore edru tilskodar under ein festivalsomar mister all form for lyst til å ta seg ein fest. Det kan vere ei sjelsettande oppleving å observere eigne landsmenn med mengder alkohol innabords i fri utfalding .

"Når jeg endelig er ferdig med å dele kropp med noen, skal jeg ikke drikke skvip. Mens de andre gikk på gravid-yoga, hang jeg på Storo-polet med Renny". Siste trimester var prega av lengselen etter alkohyler for forfattaren og. I hear you Tennfjord!
«Når jeg endelig er ferdig med å dele kropp med noen, skal jeg ikke drikke skvip. Mens de andre gikk på gravid-yoga, hang jeg på Storo-polet med Renny». Siste trimester var prega av lengselen etter alkohyler for forfattaren og. I hear you Tennfjord!

Nei, me snakkar her om smaksopplevinga eit enkelt glas kan gi. Ein frisk Chardonney eller Riesling på ein varm somardag. Ein skummande og smøraktig weissbier. Eller eit glas fyldig, fruktig raudvin no som hausten står på trappene og regnet trommar på vindauga. Sukk. Eg skal vere den første til å innrømme at eg gler meg til å drikke vin igjen.

Eg har ikkje særleg peiling på vin. Eg har likevel hatt nokre fine vinopplevingar (les: vinsmaking blant vinrankene i Kallstadt på ein varm haustdag) som har fått meg til å innsjå at her foregår det mykje utanom radaren min. Likevel tyr eg til dei faste kjøpa på Vinmonopolet og traskar litt sjenert i utkanten av vinverda fordi det verkar så komplisert og utilgjengeleg.

Så kva kan ein så gjere når ein har månadar igjen og ein ikkje får vinen ut av hovudet? Ein kan til dømes lese seg opp på tema.

DSC_0146 5

Eg kjøpte Ingvild Tennfjord si nye bok Skål! i går. Ho har eg fulgt med på ei stund og eg er mektig imponert. Ho har gjort det me andre drøymer om men ikkje tør. Ho hoppa av ein trygg og suksessfull karriere som journalist i Dagbladet for å utdanne seg med mål om å bli verdas beste vinjournalist. Berre det kan ta pusten frå dei fleste. Boka Skål! er resultatet av Tennfjord si innvandring, utdanning og sosialisering i vinverda.

Å kalle den «ei introduksjonsbok til vin» er for enkelt. La oss heller kalle den «ei uhyre velskreven introduksjonsbok til vin».

Eg sette meg ned, gløymde alt som heitte tid og pløyde gjennom den frå perm til perm. Det var ein fest.

Tennfjord klarar å gjere eit så til dei grader avskrekkande og komplisert tema tilgjengeleg og lettfatteleg for lesaren. Spekka med gode forklaringar, oppklarande oversiktar, humoristiske historiar og ikkje minst geniale referansar, maktar ho å inspirere lesaren til å prøve seg ut i vinverda på eiga hand.

Tennfjord tek deg i handa og geleider deg gjennom vinranker, hyllene på Vinmonopolet og private vinsmakinar medan ho raust byr på seg sjølv og eigne opp- og nedturar i vinverda. Så trygt. Så sympatisk.

"Der sistnevnte er robust, fyldig og klar for en fest, kan pinot noir ved første øyekast fremstå som det stille barnet som sitter inne og tegner". :D
«Der sistnevnte er robust, fyldig og klar for en fest, kan pinot noir ved første øyekast fremstå som det stille barnet som sitter inne og tegner». 😀

Visste du at drua Cabernet Sauvignon er som Diana Ross i vinverda? Visste du at ein Barolo er som Hans William Steinfeldt? Visste du at Alsace-regionen har godt grunnlag for økologisk produksjon av vin, grunna Vosges-fjella? Veit du kva informasjon me kan få gjennom å lese på vinetikettane? Dette og meir til lærer ein av denne boka. Eg måtte finne fram markørtusjen og brukte den hyppig.

Etter å ha pløyd meg gjennom boka fann eg fram flaskene med vin me hadde liggande. For første gong kunne eg hente ut informasjon av etikettane i staden for å vere avhengig av det vesle skiltet til Vinmonopolet. Det viste seg at me hadde ymse liggande. Nokre vinar vekka meir nysjerrighet enn andre. Etter å ha studert vinane og finsjekka i boka, kunne eg plutseleg danne meg eit bilete av korleis dei gjerne kom til å smake.

Ein rakkar stakk seg skikkeleg ut. Ein Amarone-vin eg ikkje hugsar kor kom frå. Gåve? Basert på det eg har lest, er forventningane høge (Det er no vinkjennarar les dette og tenkjer «jamen, den årgongen vart jo skikkeleg dritt!»). Flaska er herved freda og skal opnast ein iskald vinterkveld med noko godt på tallerkenen. I selskap med det fine mannfolket mitt og ein knert som ligg og søv. Betre dagdraum skal ein leite lenge etter.

DSC_0138 4

Men, no skal eg ikkje berre drikke den. Eg skal snuse, smake og leite etter referansar i minnet. Som Tennfjord no har forklart meg; grovsorteringa av aromaer finn ein på tunga, men det er med nasa ein finsorterer duftnotar og gjer vinopplevinga rikare. Kanskje finn eg spor av plomme? Eller pepar? Eller kanskje gymsokk? Den som smakar får sanse.

Kan du litt om vin og har du hatt nokre fine vinopplevingar? Pray do tell!

/Inga

2 thoughts on “Om Barolo som bjeffar. Eit boktips som varmar i haustmørket.

  1. Det blir litt av en kveld tenker jeg, forstår lengselen din! I mellomtiden kan du jo kose deg litt med «Himmelstund», den husker jeg at jeg drakk noen flasker av. Spesielt i hyggelig lag er det absolutt å foretrekke fremfor å dra frem brusflaska. For eksempel på fredag? 😉 Og jeg blir mer enn inspirert til å lese denne boka, problemet er bare at etter at min knert kom til har bunken med bøker som skal leses økt betraktelig i forhold til den med bøker som er lest. klem

    1. Takk for tips!!

      Eg oppdaga Hansa Null og Erdinger alkoholfritt kveiteøl denne somaren. Dei er gode alkoholfrie ølvariantar. Eg smakte ein alkoholfri kvitvin for litt sidan, men det var litt skuff. Kanskje eg ikkje bør gi opp jakta ratt enda?

      Eg har høyrt rykte om at det blir mindre lesetid når ein får nye podar i hus, ja! 😀 Best å lese medan ein kan. Denne boka er forøvrig ikkje ei bok ein må lese frå perm til perm. Den funkar like bra som eit oppslagsverk! Absolutt ei bok eg vil anbefale å ha i bokhylla.

      Det vert diverre ikkje festligheter på meg til fredagen grunna Valdres-tur, men er gjerne med neste gong!!!

      Klem til deg

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s