Lokkemat for b-menneske

DSC_0029 9

Den vanlege Ingaen er eit ivrig a-menneske. Å stå opp klokka tidleg for å ha tid til lang frukost, kaffi og aviser er fast rutine. Rutinen har eg arva av far min og det er ein heilt nydeleg start på dagen.

DSC_0001 8

Problemet er berre at den Ingaen fordufta for nokre månadar sidan. I staden har det flytta ein zombie inn i leiligheten. Ein zombie som slokner på sofaen etter middag og som tykkjer det å stå opp er litt som å hoppe stille lengde med ein sandsekk i kvar neve.

DSC_0009 9

Heldigvis veit ein etter 27 år kva knappar ein skal trykke på. Ein er eit enkelt menneske skal du vete! Ihvertfall så lenge sjokolade er med i biletet.

Eg kom over oppskrifta på müslibarar hjå flinke Tine her i helga. Då eg nett hadde laga ein stor porsjon müsli var det fort gjort å lage litt lokkemat for sletne sokkar. Så enkelt. Så genialt. Sjokolade er genial smøring og no går det som smurt (ok. Der tok me hardt i. Det er ihvertfall litt lettare) å komme seg ut av senga.

DSC_0019 11

Ingredienser

  • 1 l müsli (til dømes denne)
  • 1 kopp tørka bær/rosiner/kokos
  • 200 g mørk sjokolade

Fordel müslien utover eit fat med kant. Dryss over eller bland inn bær, rosiner eller kokos om du ynskjer å smaksetje den meir. Smelt sjokoladen i vassbad og hell jamnt utover müslien. Sett i fryseboksen og la det stivne i 10-15 minutt.

Ta ut av fryseboksen og løsne frå forma. Del opp med kniv eller brekk laus betar som du oppbevarer i kjøleskapet.

DSC_0026

Nyt med ein kopp te eller eit glas mjølk. Eg lovar. Desse får deg opp av senga om morgonen!

/Inga

6 thoughts on “Lokkemat for b-menneske

  1. Kvifor skal dei ikkje nytast til ein kopp KAFFI? 😄😄😄 Te eller mjølk liksom 😄😄😄kaffi er stå-opp-medisin!

    1. 😀 Fullstendig enig der!

      Men desse müslibarane har ein særs mektig sjokoladesmak og det vert (etter mine smakslaukar) for mykje med kaffikoppen i tillegg. Mjølk er på si side heilt nydeleg! Kaffien, -den kjem i rikelege monn etterpå! ;D

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s