Kantarellfest

DSC_0065 1

Eg et kantarellar så ofte som eg kan i desse tider. Den kjøttaktige smaken og nydeleg konsistensen gjer at eg gjerne vil bruke den i alt!

Er det noko kantarellane må nyttast til kvart år, så er det ein real risotto. Trekt i kvitvin, kraft og toppa med frisk timian og god olivenolje, -det er smaken av tidleg haust!

Risotto er overraskande lettvint å lage så kvifor lagar me ikkje dette oftare?! Heldigvis er det ofte rikeleg til overs slik at det er nok til lunsj dagen etter. Risottoen blir berre enda betre etter eit døgn då smakane verkeleg får konsentrert seg.

Utgangspunktet for denne oppskrifta fann eg i Jamies Italia, -ei utruleg fin bok om ein er glad i italiensk mat. -Og DET er me jo!

DSC_0055 1

Ingredienser (6 porsjonar)

  • 1 l kraft av kjøt, fisk eller grønsaker (her kan ein nytte buljong om ein ikkje har)
  • 1 lauk
  • 2 kvitlaukbåtar
  • 1/2 sellerirot
  • 400 g risottoris
  • 2 gl tørr kvitvin
  • 75 g smør
  • 125 g parmesan
  • 2 ss olivenolje
  • 1 ss smør
  • salt og pepar
  • 200 g kantarellar
  • 1 heil kvitlauk
  • 1 sitron
  • 1 liten bunt frisk timian
  • 1 ss smør
  • parmesan
  • salt og pepar
  • olivenolje

Skrell og finhakk lauk, kvitlauk og sellerirot. Sett steikeomnen på 200 grader.

Varm krafta i ein kjele. Varm olivenolje og smør i ein annan og surr lauk, kvitlauk og selleri i ca. 15 minutt til det er blankt. No er grønsakene møre og ein har i risottorisen.

Steik risen forsiktig medan du rører. Etter eit minutt byrjar riskorna å bli gjennomsiktige. Då heller ein i kvitvinen og fortset å røre.

Når vinen har kokt inn i risen, heller du i ei ause med kraft og ei god klype salt. Skru ned varmen slik at det småputrar. Riskorna skal ikkje bli kokte for raskt. Fortset å ause ei og ei ause over risottogryna, men la kvar ause med kraft bli absorbert i risen før du heller i neste (dette høyres omstendeleg ut, men er mindre tidkrevjande enn ein trur. Her snakkar me omtrent eit kvarter!).

Medan du gjer dette har du litt olje i ei eldfast steikepanne og ha i kantarellane. Pass på at steikepanne ikkje har delar av plast. Dersom så bør ein helle kantarellane over i ei anna form før det skal inn i omnen. Steik  kantarellane i steikepanna i 2 minutt. Dryss over salt og pepar, kvitlauksbåtar (delt i to), finhakka timian og smør før du set det inn i omnen og lar surre vidare i 5-6 minutt.

Smak på risottorisen for å sjekke at den er kokt. Dersom den har fin konsistens treng du ikkje meir kraft. Om du slepp opp for kraft, tilset du berre litt kokt vatn. Smak til med salt og pepar.

Grovhakk halvparten av soppblandinga.Ta gryta av varmen og ha i smør, parmesan, den grovhakka soppen og litt ferskpressa sitronsaft. Rør godt og legg på loket slik at risottoen får kvile i eit par minutt.

Server risottoen toppa med resten av soppblandinga, frisk timian og god olivenolje.

DSC_0067 1

I kveld åt eg ein annan middagsversjon med kantarell. Det vart eit tilbakeblikk til fredagskveldane på det glade 90-tal. 😀 Oppskrift kjem!

/Inga

2 thoughts on “Kantarellfest

  1. Vet du hva? Jeg har bare smakt kantarell en gang(som jeg husker i hvert fall), og jeg ble ikke helt solgt. Men jeg ELSKER sjampinjonger(måtte faktisk sjekke hvordan det skrives…) så det er godt mulig det bare var fordi det var uvant. Satser på det 🙂

    1. Ja! 😀

      Eg har ofte lurt på om kantarellar er ein slik ting som ein treng tid å bli vand med for å bli glad i det. Same som ofte med kaffi, sushi etc. Mange syns den kjøtaktige konsistensen er litt rar, så kanskje det er bøygen?

      Eg heier på at du skal prøve kantarellar igjen! Smørsteik dei forsiktig i ei steikepanne og server saman med godt brød eller i noko anna fint. 🙂

      Lukke til! 😀

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s