Eplehaust 2 / Avhengigheitsskapande eplemos

DSC_0176 2

Mesteparten av vestlandseplene gjekk med til eplemos. Det er uendeleg godt og ikkje minst avhengighetsskapande. Det definitive høgdepunktet var nok å ete eplemosen varm nesten rett frå kjelen då den var nykokt. Syrleg, søt og frisk smak av haust samstundes som den varma. Kort og godt makalaust!

Eg fraus ned resten i porsjonspakkar og har tatt opp etter tur og ete det til frukost med heimelaga müsli og youghurt naturell den siste veka. Det har vore ein super start på dagen. No er kvoten snart oppeten og eg må koke opp ny ladning. Ein kan jo få abstinensar av mindre.

Ingredienser

  • 2 kg eple
  • 1/4 kopp sitronsaft
  • 1 1/2 kopp vatn
  • (3 ss brunt sukker)

Skrell, reinsk og del eplene i grove betar. Ha i ein kjele saman med sitronsaft og vatn. Kok opp før du reduserer varmen og lar kjelen småkoke i 25-30 minutt. Då skal epla vere såpass mjuke at dei nesten dett saman.

Køyr blandinga med stavmiksar og smak til med sukker eller anna søtningsmiddel. Eg nytta brun kokosblomstmelis, og det vart akkurat søtt nok. Eg likar det best når det er litt syrleg. Om det vert for søtt smakar det fort litt «flatt». Her må ein altså smake til med eigne smakslaukar.

Et på skiva, i dessert, saman med youghurt og müsli eller berre heilt aleine med skei.

DSC_0221 2

/Inga

8 thoughts on “Eplehaust 2 / Avhengigheitsskapande eplemos

  1. Nomnom! Jeg fikk vafler med usøtet eplemos av svigerbestemor en gang jeg var på besøk. Det var godt! Men da var det brukt veldig søte epler.

  2. Ble litt inspirert nå. Pleier forsåvidt å gjøre det hvert år, men det blir ikke spist opp! Prøve igjen. Men hvor mye er en kopp? (Mine kopper er alt fra 1 dl til over en halv liter…) En ting til; vet du hvordan man gjør det med sukrin eller Stevia? Noen tips? (Døtrene mine vil ikke ha sukker)

    1. Hei! 1 kopp tilsvarer her den engelske måleeininga 1 cup som er 2,4 dl. Ein liten kaffikopp eller eit mjølkeglas pleier å innehalde omtrent den mengden.

      Eg brukte kokosblomstmelis og same mengde som ein anbefalte for sukker. Sukrin og Stevia er hakket søtare, så her kan ein gjerne ha i mindre mengde. Samstundes er det beste tipset å ta i litt og litt, medan ein smaker det til!

      Lukke til! 😀

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s