Eplehaust 3 / All you need is … ein blings

DSC_0117 5

Når haustdagen ikkje er slik den er på film med fargerikt landskap, tort lauv og endelause turar i skogen, men snarare er erstatta med gråver og endelause regnbyger, -ja då må ein ty til det amerikanarane kallar «comfort food».

Den optimale matbiten her i huset, er ein skikkeleg blings. To skiver godt brød, fylt med ost, pålegg og grønt er eit smakfult og mettande vis å hente ny energi på.

DSC_0100 5Ingredienser

  • 2 skiver
  • cheddar
  • spekeskinke*
  • 1/2 eple i skiver
  • ruccola
  • smør
  • (sennep/ balsamicoeddik etc. til ekstra smak)

Smør utsida og innsida av ei brødskive med smør og fordel ost, spekeskinke, eple og ruccola på toppen. Smør den andre skiva med sennep på innsida eller til dømes balsamicoeddik. Sennep gir ein salt smak, medan balsamicoeddiken fører til ein meir søt-syrleg spiss. Legg den siste skiva på toppen og smør overflaten med smør.

Varm ei steikepanne på middels varme og legg blingsen i steikepanna og la den surre i 5-6 minutt før du snur blingsen og lar den surre vidare i 5-6 minutt til. Osten skal smelte og skivene skal bli gyldenbrune.

*om ein er gravid, bør ein sprøsteike spekeskinka anten i steikeomnen eller i panne.

DSC_0124 4Nyt med eit glas kald mjølk og du skal sjå at dagen brått ser langt lysare ut! 😀

Ha ein fin haustdag!

/Inga

4 thoughts on “Eplehaust 3 / All you need is … ein blings

  1. NÅ ble jeg sulten! Samboeren lager av og til kveldsmat til meg hvis jeg spør pent(og pirker han litt i siden). Da rister han brød, steker spekeskinke og speilegg, og setter alt sammen med most avokado, tomat eller det som finnes i hus. Det er så godt(ekstra godt fordi noen andre har laget det).

  2. Eg har eksamen i morga og eneansvar for to små barn, og eg burde vore i seng for lenge sida. Likevel sitt eg her og les meg gjennom eit innlegg etter det andre. For ein fin blogg du har! Men no skal eg slutte, eg har lagt deg til i rss-feeden min og kom innom ein seinare ein gong, no MÅ eg legge meg.

    1. Åh, for ein fin kommentar!! Eg tenker eksamen gjekk kjempefint og at du får ein avslappande og fin helg med dei små. Det har du fortent!!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s