Shoppestopp 2013 / Tilståing

DSC_0231 2

Eg har ei tilståing å komme med. Eg har sprukke. Eg har kjøpt eit produkt. Type tekstil. Type klede. Sukk.

Men. Før me kallar dette ei falitterklæring, må eg meddele at dette var av helsemessige årsaker.

Dette svangerskapet har forsåvidt gått fin-fint og eg har ikkje sett noko til verken sug etter murpuss og sylteagurkar, grinebyger eller tidleg bekkenløysing. Men. Den siste tida har eg stadig vekk fått kramper i leggane på nettene. Leggane kjenst som om eg har sprunge halvmaraton. Etter råd frå jordmor gjekk eg difor til innkjøp av støttestrømper for å betre blodsirkulasjonen.

Mitt eige shoppstoppråd som består av meg sjølv og …meg sjølv, har bestemt at denne passerer (dog under tvil) då det aldri var tenkt at dette prosjektet skulle vere smertefullt. I hvertfall ikkje smertefullt fysisk sett. Då det er den einaste sprekken fram til no, er dette også formildande omstende.

Kva seier dykk?

/Inga (aka frikjend syndar)

7 thoughts on “Shoppestopp 2013 / Tilståing

  1. Godkjent! Med god margin. Når jeg får kramper i leggene om natten(ikke gravidrelatert men gjerne etter trening) pleier jeg å forte meg å trampe i gulvet. Da forsvinner det med en gang, og det er bra for det er som du sier fryktelig vondt. Kanskje tramping fungerer for gravide også 😉 Og så lurte jeg på om du kunne lage et mat for sjela innlegg snart? De syns jeg er så fine 🙂 Min mat for sjela for tiden er denne episoden av Hellstrøm rydder opp hjemme http://www.tv3play.no/play/290396

    1. Hei og takk for godkjenning OG tips! 😀 Det skal eg sanneleg prøve om krampene dukkar opp! Til no har det berre vore febrilsk tøying på golvet som har gjort susen.

      Mat for sjela skal bli! Takk for at du deler litt av di mat for sjela, -slik kan ein ikkje få nok av. 🙂

      Ha ein fin-fin kveld!

  2. Mamma kommer til å bli hoppende glad for at noen i familien følger hennes råd om å bruke støttestrømper! 🙂

  3. Å ja, støttestrømper er verkeleg lov! Eg kjøpte tre par då eg gjekk gravid pga. mykje vatn i føtene. Eg kjøpte fleire par slik at eg kunne vaska dei innimellom. Dei blei nemleg stinkbomber etter varme dagar (eg var høggravid som sommaren …). Og støttestrømper er det dumt å arva/kjøpa brukt fordi dei då har blitt utvida av andre. Det er best å la dei bli forma av eins eigne leggar. Håpar det funkar!

    1. Takk for tips Ragnhild! Eg jobba på sjukeheim under studietida og der skylte me støttestrømpene i varmt vatn kvar kveld før me hang dei til tørk (kremt. Tenk at slik kunnskap skulle komme til nytte så tidleg :o). Det hjelper også på. Å gå med støttestrømper på dagtid har betra leggane betrakteleg og eg har difor ikkje trengt å ta magnesium i tillegg. Det er godt kva som funkar!

      Ha ein flott kveld og takk for at du kika innom! 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s