Shoppestopp 2013 / Utviding av bukser utan nål og tråd

DSC_0004 11 3-001

Buksene mine er av dei plagga eg nyttar mest i kvardagen. -Men kva om buksa er litt trang ein dag? Her er eit tips til korleis ein kan forlenge brukstida til krympande bukser.

Bukser med stretch er gull verdt

Eg har brukt eigne bukser i tillegg til lånte gravidbukser under graviditeten. Fleire av buksene mine er låge på livet og inneheld elastikk. Dette har ført til at dei kunne tilpassast ein veksande mage og «dyttast» under magen etterkvart som den vart stor.

Bukser som inneheld stretch er gull verdt i ein basisgarderobe, -uansett gravidkropp eller ei!

Utviding utan nål og tråd

Men.

Nokre dagar «heng» gravidmagen meir enn andre, og då har eg nytta ekstraløysingar for å utvide buksene mine utan å ty til nål og tråd.

Den beste løysinga har vore å tre ein hårstrikk gjennom knappehullet, tre eine enden tilbake gjennom den andre delen slik at ein lagar ei løkke, for så å feste løkka i knappen i buksa. Då utvider ein livet på buksa med mange cm og ein får ein behageleg strikk i livet.

Ribbon belt

For å dekke over strikken passar eg anten på å ha ein lengre overdel på meg, eller så har eg gått i mannen sitt skap og lånt meg eit sløyfebelte (ribbon belt). Dette er slike tekstilbelter utan hol som ein tilpassar sjølv.

Desse belta er kort og godt geniale. Dei er behagelege  som dekke for strikken, men også fordi det ikkje er heilt fastlåste i livet. Dette er noko å tenkje på dersom ein ikkje har shoppestopp. Beltet passar alltid, -uansett dagsform og dagskropp!

DSC_0036 11

Belte av sjal og skjerf

Eg har også nytta mykje skjerf og sjal som eg brettar til ein trekant for så å rulle dei saman. Ved å tre dei gjennom bukselinninga og knyte på sida, får ein fargerike og fine belte som ein tilpassar etter dagsform og størrelsen på magen.

Dette har vore ein favoritt i mange år, då det er ein morosam, fargerik og fin måte å nytte sjala ein har hengande på.

DSC_0047 12

NB: beklagar tåkete bilete! Kameraet var nok litt trøytt i dagmorges. 🙂

/Inga

2 thoughts on “Shoppestopp 2013 / Utviding av bukser utan nål og tråd

  1. Du har vært utrolig flink!

    Jeg brukte de vanlige klærne mine helt til slutten av svangerskapet, jeg spanderte på meg mammatruser, leggings, ekstra lange undertrøyer og langermede trøyer fra mammaavdelingen. Jeg har alltid vært skjørte-kjole-dame og kunne heldigvis fortsette med favorittklærne mine i takt med at magen vokste!

    1. Hei!

      Så heldig du var som var kjole-dame før graviditeten!

      Kvardagskjolar og kvardagsskjørt var det skrikande mangel på i skapet mitt, men var så utruleg heldig at eg fekk låne ein grå kjole i tjukkare stoff og ein svart bomullskjole av ei venninne. Dei har blitt brukt mykje!! Ei svart ullstrømpebukse eg hadde i skapet passar framleis, så den har også vore god å ha.

      Mon tru om eg ikkje blir meir kjole-dame etter dette shoppestoppåret, då eg ser kor nyttig det kan vere med ein kvardagskjole!

      Ha ein fin dag! 😀

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s