Mat for sjela

20131003-211243.jpg

På førespurnad kjem ei oppdatering på Mat for sjela. Ein bloggpost eg burde ha vore mykje flinkare å poste, då det er så mange fine ting ein kan dele (og få tips om frå andre) i kvardagen!

Så, mi «Mat for sjela» er i desse dagar fylgjande:

– Sveisen som både Jenny Skavlan, Claire Underwood i House of Cards og Sigrid Bonde Tusvik har. Mitt nye oppheng i den overfladiske verda. Fyttikatta så fine dei er på håret, fyttikatta så lyst eg har til å klippe meg slik og fyttikatta så feig eg er når det kjem til slike ting.

-Serien Derek på Netflix. Ein serie som tok for seg heile kjensleregisteret mitt. Ricky Gervais, mannen bak The Office står bak denne serien. Han spelar også her hovudrolla, men denne gongen er han ein femtiårgamal autist som jobbar på ein britisk sjukeheim. Førsteinntrykket er at serien er heilt absurd, men snart går den over til å vere absurd fin, hysterisk morosam og vanvittig rørande.

– Serien Side om side som viste seg å vere heilt annleis enn eg trudde. Den ligg nært opp til svenske Solsidan men har med sin eigen norske snert klart å unngå å bli ein kopi. Når Tore Sagen som familiefar også får lov til å køyre litt RR-stil i rolla si, er eg i himmelen.

– Haustlufta. Den er komen. Skarp, frisk og oppkvikkande. «Å puste frisk luft er som å drikke den fineste champagne» seier den aldrande mora til hovudpersonen i boka Sommeren 2005 av Tove Nilsen. Det er heilt sant.

– Byggryn. Ein fantastisk fin ingrediens eg av ein eller annan grunn assosierer med hausten. Eg brukar den i supper, salatar og frukostlappar. Fiberrikt og veldig, veldig godt.

– Å kjenne lukta av ein parfyme som ein har lukta x-antal gonger og som er vidunderleg god, -for så å for ein gongs skuld spørje personen som har den på om kva parfyme det er. Vips så har ein gitt nokon eit kompliment og endeleg oppspora den fine dufta. Denne gongen var det ein servitør i Fredrikstad som viste seg å ha på seg Nina Ricci sin Ricci Ricci. Gode dufter er ein ting, men å gi eit kompliment er definitivt mat for sjela og noko ein ikkje bør vere gniten på i kvardagen.

– Freia kokesjokolade 70% og eit glas iskald mjølk. Det er så heidundrande godt at det går ikkje an å beskrivast. Eg har innført dagleg dose kvar kveld.

– Bokhylleveggen vår som går frå golv til tak. Som kom opp etter seks månadars grubletid og som ser ut som ein settekasse. Eg blir like glad kvar gong eg ser på den. Slow-shopping fungerer langt betre enn spontanshopping i interiørverda som i klesverda.

Har de noko god mat for sjela om dagen?

/Inga

6 thoughts on “Mat for sjela

  1. Hvis du har lyst på sånn sveis – gjør det! Jeg gikk i flere år og hadde lyst til å klippe håret kort, og i sommer gjorde jeg det endelig. Jeg elsker det! Det krever jo litt hyppigere frisørbesøk enn om man har langt hår, men jeg synes det å gå til frisøren er en så fin hverdagsluksus.

    Jeg har også fått veldig sansen for Derek. Syntes det var kjempesnålt i starten, men etter to episoder falt jeg pladask.

    1. Du er så tøff som gjorde det!!! Eg må gruble litt vidare, men må innrømme eg er skikkeleg pysete når det kjem til slike hårgreier. Er så praktisk med langt hår som ein kan ha i hestehale, -men forhåpentlegvis tar eg steget ein dag!

      Så fint at du også falt for Derek! Eg gler meg til neste sesong!

      Ha ei nydeleg helg kjære deg!

  2. Skal si du er effektiv! Og så spennende med byggryn. Det har jeg faktisk kjøpt inn, men ikke helt hatt en plan eller oppskrift så de har blitt liggende. Nå skal jeg finne meg en god oppskrift og teste de ut. AMEN til det du skrive om komplimenter. Jeg ser det er mange som tipser om Derek, men jeg er så skeptisk. Liker egentlig ikke Ricky Gervais etter «An Idiot Abroad». Men mulig jeg må sjekke ut Derek allikevel.

    1. Eg er ikkje fan av Ricky Gervais i utgangspunktet, men i Derek overbeviser han med god margin. Det er snill humor som gjer ein varm om hjarta. Som Ine nemner over her, -sjå minst to episodar før du gjer deg opp ei endeleg meining. Eg lovar at det er ein annleis Gervais du møter her. 🙂

      Ha ein nydeleg dag!

      1. Og for resten. Hvis du liker Derek vil du sikkert like filmen med Ryan Gosling som heter «Lars and the Real girl». Sjekk ut trailer på youtube hvis du er interessert 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s