Shoppestopp 2013 / Shoppa smart!

Uten navn
Nei, dette er ikkje ein hybrid engelsk-nynorsk tittel på eit innlegg. Det er snarare tittelen på eit av spora til svenske En economistas podcast, utgjeven og laga av Isabella Löwengrip og Pingus Hadenius. Dei fleste kjenner nok Löwengrip som bloggaren «Blondinbella«, medan Hadenius er svensk journalist og siviløkonom.

Dei har saman skreve boka Economista og denne podcastan byr på smakebetar frå den. Hovudmålet i boka er kort og godt å gi kvinner meir kunnskap om smart privatøkonomi. Fordommane var mange i forkant av dette bokprosjektet, då særskild Löwengrip ikkje har blitt assosiert med økonomisk måtehald. Resultatet har difor overraska kritikarane.

Eg har berre høyrt podcasten og er begeistra. Den er informativ, inspirerande og motiverande. Spesielt aktuelt var sporet om korleis shoppe smart, som inneheld mange gode tips som er litt i gata til dette shoppestopp-prosjektet mitt.

Nokre av dei personlege råda til Löwengrip og Hadenius er: Bruk meir pengar på færre ting. Kjøp saker som du veit passar deg, din kropp og din kvardag. Tenk kvalitet og haldbarheit, -og ikkje minst: sov på alle potensielle kjøp over 500 kr.

Podcasten er gratis og absolutt verdt lyttetida. Lag deg ein kopp kaffi og rigg deg til i sofaen, eventuelt snør på deg joggeskoa og gå deg ein tur med øyreproppar i øyrene!

/Inga

6 thoughts on “Shoppestopp 2013 / Shoppa smart!

  1. Det skal jeg sjekke ut, passer perfekt for søndagspusling 🙂 I dag handlet jeg tøy på loppis. 3 gensere for 30kr, og de var så fine! Men jeg merker at jeg er dårlig på å bruke penger på ting jeg virkelig trenger, men som kanskje ikke er så gøy å kjøpe inn. Som ullsokker og ullstrømpebukser. Noen sånne ting må man bare ha…

    1. Det høyres ut som eit god kjøp!! På loppis kan ein ofte finne klede av langt betre kvalitet enn hjå billegkjedene! Eg har ei ullstrømpebukse som eg brukar så mykje i desse dagar at den kjem til å vere tynnsleten til jul! Eg må nok investere i ei eller to nye over nyttår. 😉 Her også anbefaler eg Pierre Robert som ein får kjøpt på daglegvarebutikken. God kvalitet og lang haldbarhet!

      1. Jeg har sett på Pierre Robert, men er litt usikker på om det blir varmt nok til vinteren? De inneholder jo «bare» 50% merinoull. Men samtidig så har jeg ikke funnet noen strømpebukser med mer ull heller. Og i dag har jeg hørt masse på podcasten du tipset om. Syns det var så interessant! Jeg har et podcast tips tilbake; http://sverigesradio.se/sida/avsnitt?programid=3999 Husmorsskolan med UnderbaraClara 🙂

      2. Takk! Eg har høyrt juleutgåva av Husmorskolan med UnderbaraClara tidlegare. Finst det fleire episodar? Oh yeah! Godt å vete kva eg skal fylle dei neste vekene med!

        Eg har brukt ullstrømpebuksa frå PR mykje. Både til kjole og til å ha under treningsklede, på ski etc. På dei kaldaste dagane med under -10 grader kan det vere godt med ein ekstra stillongs over denne strømpebuksa dersom ein skal vere mykje ute. Elles likar eg den nettopp fordi den er tynn nok og med stretch slik at ein fint kan ha den under buksa. Den er også høg på livet, klemmer ikkje og er utruleg behageleg å dra laaaangt opp på magen. 😀

        Eg kjem nok til å kjøpe ei ny når den er utsleten. Per no er den litt meir gjennomsiktig på tærne, men elles særs god stand.

  2. Når jeg var yngre (høres ut som jeg er minst 70 nå) var det stas å komme hjem med digre handleposer og kontoen var ganske skrall før neste stipend kom.

    Det kom et slags vendepunkt når jeg fikk jobb og plutselig tjente pengene. Da fikk de en helt annen verdi og innkjøpene ble smartere. Nå er det stas å komme ut med en liten pose med et kvalitetsprodukt man har ønsket seg. Dessuten er det blitt mye mindre impulsshopping etter Iben kom til verden. Prøverom, sur baby, varme butikker og barnevogn frister lite. Så innkjøp er gjerne planlagt og gjennomtenkt når jeg tar meg en liten butikkrunde alene.

    1. Så flink du er! Eg kjenner meg igjen med omsyn til dette med å tene eigne pengar. Det er ei bevisstgjering, -definitivt!

      Eg har byrja å skrive ynskjeliste i staden for handleliste. Då er det lettare å ynskje seg saker til jul, evt. at eg kan spare til det sjølv og kjøpe det over nyttår. Det å ønske seg noko, å spare til det for så å endeleg få det eller kunne kjøpe det, er ei langt betre kjensle enn å dra sporenstreks til butikken og dra kortet!

      Kan også tenkje meg at baby er ein liten shoppestoppar i seg sjølv! 😀

      Ha ein nydeleg dag!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s