Shoppestopp 2013 / August og september

Trass i at det har blitt få innkjøp til den komande poden, har likevel nokre klesplagg komt over døra. Sukk!
Trass i at det har blitt få innkjøp til den komande poden, har likevel nokre klesplagg komt over døra. Sukk så fin!

Shoppestopp-prosjektet går kort og godt strålande. Verre er det med oppdateringane! Eg rakk aldri å skrive eit innlegg for august, så her kjem ei oppdatering for dei to siste månadane.

Fylgjande observasjonar og erfaringar vart gjort:

  • Komfort sigrar alltid over pris og merke. Alltid.
    Eg har fem bukser. Fire brukar eg konstant og er av yndlingsplagga i klesskapet. Dei er av same modell og same merke. Den femte buksa er langt dyrare og av meir fancy merke, men har blitt brukt omtrent tre gonger på halvtanna år. Kort og godt fordi buksa er ukomfortabel å gå med. Det kallar me bomkjøp de lux. Finst ikkje noko meir irriterande skapfyll enn det.Lærdomen er: Tenk over kva plagg du brukar mest og er mest glad i. Still deg spørsmålet; «kvifor likar eg akkurat dette plagget så godt»? Dersom du er bevisst på kva du brukar mykje og kvifor, er det stor sjans for at du gjer gode og gjennomtenkte kjøp neste gong du treng eit nytt plagg.Som eg nemnte forrige månad så skulle eg tipse om innhald i klesskapet som er kome for å bli. Denne månaden vil eg difor tipse meir spesifikt om:

    • Bukser med mykje bomull og minst 2% elastan. Då får ein behagelege bukser med litt stretch, samstundes som dei er faste nok til at dei ikkje er tights. Her likevel smaken som baken, så det luraste er at du les vaskelappen på yndlingsbuksene dine. Sjekk kva materiale dei inneheld og kor mykje av kvar. Gå så etter vaskelappen ved neste kjøp!
  • Plagga ein brukar ofte, er dei plagga ein bør kjøpe i best kvalitet.
    Eg brukar bomullstrøyene mine særs ofte. Langerma, kortarma, grå og kvite. Dei har vore fast inventar i klesskapet i alle år og blir nytta like mykje til å ha under dressjakke på jobb som til trening. Dei fleste av dei er no tynnsletne og fulle av hol. Ingen av dei vart kjøpt 31. desember i fjor, men eg lurar likevel på om eg bør gå til innkjøp av tjukkare bomullskvalitet neste gong då dette er bruksplagg. Eg tek gjerne i mot tips!

    Bærre lækkert!
    Bærre lækkert!
  • Renseri er stas og bør ikkje nyttast berre på dei mest kostbare plagga.
    Om ein tek godt vare på kleda ein har, -uansett pris og kvalitet, varar dei mykje lengre.

    Jakke frå H&M på rens? Er ikkje det litt råflott? Nei!
    Jakke frå H&M på rens? Er ikkje det litt råflott? Nei!
  • Det som var meint som shoppestopp på klede og sko, har hatt påverknad på andre innkjøp.
    Shoppestopp-prosjektet har ført til auka bevisstgjering rundt forbruk i seg sjølv. Dette gjeld særskild innkjøp av mat, møblar og ikkje minst utstyr til baby. Ein gjer færre innkjøp, grublar meir og sonderer marknaden i større grad enn tidlegare.Dette har merkbar innverknad på forbruk, skapfyll, avfall, lommebok og ikkje minst tid. På toppen av det heile vert ein mykje meir nøgd med dei kjøpa ein gjer! Eige innlegg om dette kjem.

    Kjem du over stort eller smått som du lurar på om du skulle hatt? Ta eit bilete med mobilen, gå heim og sov på det. I 9 av 10 tilfelle er ikkje behovet der dagen etter. Om det er der, ja då er det godt mogleg det er eit god kjøp!
    Kjem du over stort eller smått som du lurar på om du skulle hatt? Ta eit bilete med mobilen, gå heim og sov på det. I 9 av 10 tilfelle er ikkje behovet der dagen etter. Om det er der, ja då er det godt mogleg det er eit god kjøp!

Ha ein strålande laurdag!

/Inga

7 thoughts on “Shoppestopp 2013 / August og september

  1. Jeg er og veldig glad i langerma trøyer!
    Kan varmt anbefale trøyene i øko-bomull fra Gudrun Sjödên, de holdt flere år med vask flere ganger i uka
    og de klassiske Ilma-trøyene fra Marimekko.

    1. Oi, takk for supert tips! Eg trur eg må investere i nokre nye trøyer over nyttår då flesteparten er heilt gjennomsiktige og holete per no.

      Ynskjer deg ei nydeleg helg! 🙂

  2. Jeg fikk tips av ei venninne om å sjekke ut herreavdelingen på hm. De har ofte god kvalitet når det gjelder hva plagget inneholder. Hun hadde kjøpt seg tskjorter i øko bomull som er supermyke og gode(og så er det godt med litt ekstra lengde på armene). Jeg har kjøpt to gensere på herreavdelingen, og de er så gode og varme. Det fine med å shoppe til baby er jo at man kan få kjøpt så mye fint brukt(de vokser jo i rekordfart ut av tøyet). Dessuten er det jo greit å byttelåne av venninner hvis man har mulighet til det.

  3. Renseri har aldri eingang streifa tankane mine, kanskje eg må vurdere det ja… Eg prøver å bli flinkare til å bruke penger. Etter mange år som student er eg blitt veldig flink til å velge det billegaste, men det er ikkje alltid det er det luraste. Spontankjøp derimot tror eg eg er vaksinert mot. Takk for mange gode tips 🙂

    1. Eg bruker berre renseri på plagg som ein skal vere forsiktig med å ta i vaskemaskina. Det blir stort sett dressjakker som kan bli øydelagde i formen om dei blir vaska på vanleg vis. Eg brukte ikkje renseri så mykje før, men er veldig nøgd med kor fine plagga blir etterpå. Dressjakka frå H&M var som ny etter behandling. Det er langt betre enn at ein risikerer å øydelegge den i vaskemaskin eller den blir hengande grunna flekkar ein ikkje får bort.

      Supert om nokon kan dra nytte av tipsa mine! Ha ein nydeleg dag!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s