Naturens gong vs. glasurgenerasjonen

DSC_0025 I eit halvt år har dei stått og kika trist på oss i pottene sine på terrassen. Sett til sides langs veggen, avblomstra og utan ein funksjon.

Kan me ikkje berre kaste dei? Dei ser så stusselege ut? -har eg spurt gong på gong. Neidå, har han sagt. Berre vent!

Tida har gått og eg har gått og skult på dei triste potteplantene.

Men så. Etter langvarig omsorg frå han, gjødsling og nye potter i glas* kom det plutseleg knoppar. Mange knoppar! Ein etter ein spratt det ut store, vakre, kvite orkideblomar som no står og pryder stovevindauget.

Eg er stum over den vakre blomstringa og innser at glasurgenerasjonhjernen min nok ein gong har spelt meg eit puss. -For det er jo ikkje slik at ein kastar ein ordkiéplante etter ei blomstring! Det er jo ikkje gjenbruk ut i frå flaks, -det er då naturens gong.

Om ein berre gir det litt tid og omsorg, får ein vakre skattar som dukkar opp igjen gong på gong…tenk så fint!

/Inga, -som tykkjer blomstrande orkidéplanter er mat for sjela.

*eksperttips frå mormora mi som har verdas finaste orkidéar i vindauga. Orkidéar trivst med lys på røtene, så då er det fint å bruke potter i glas eller vide glasvasar.

4 thoughts on “Naturens gong vs. glasurgenerasjonen

  1. Min mor har sikkert 10-15 orkdieer hjemme som hun får til å blomstre igjen gang på gang. Hun klipper dem ned når de er avblomstret og passer godt på dem(jeg tror hun vanner dem hver søndag). De selger ofte avblomstrete orkideer for en 10-er i blomsterbutikker også. Det beste er at hun rulerer på dem. Siden hun bor i hus kan hun sette de avblomstrete opp på loftstuen hvor vi ikke er så ofte, og så står de fine i stuen. Jeg må dessverre innrømme at dette har gjort at jeg er skitlei av orkideer! En eller to er greit, men 10-15… Da blir man lei.

    1. Det høyres ut som mi mormor! Ho har ei til stove kor ho kan sette dei på lagring, så tek ho dei inn i daglegstova når dei blomstrar!

      Eg er ikkje vand med orkidéar, så eggler meg noko fælt over dei to me har. Det einaste eg grøssar over, er kor mange amaryllis eg har kasta dei seinaste åra. Dei hadde vore fine å hente fram no når det ber mot jul!

      1. Åh, amaryllis! Nå fikk jeg julestemning 🙂 Tar det som et signal på at jeg kan høre på julemusikk nå(fnis).

      2. Hehe, ja! Eg pleier å vere litt streng på juleførebuingane, men i år har det rakna fullstendig. Julebrusen er smakt på, julemusikken er spelt og eg har til og med kjøpt dei fleste julegåvene. Dette heng sjølvsagt saman med at tre vekers lediggong før termindato kan vere litt ..kremt…stilleståande. Då er det godt å finne noko å fylle tida med. 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s