Shoppestopp 2013 / Draumen om Jenny og Maria, del 2

«Eg skal lære meg å strikke og sy» skreiv eg i slutten av april. Eg var som sagt betatt av desse damene sine handverksevner og hadde bestemt meg for at eit shoppestopp-år var ein gylden moglegheit til å bli ein resar på handarbeid.

Skappel

Eg skulle bli ein slik supermamma som strikka søte små lubbar, fjonge Skappel-genserar og kule Marius-luer fortare enn ein fekk sagt «rett og vrang». Fytti, så flink eg skulle bli!

Eg hadde ein entusiastisk kick-start. Eit døgn på ei hytte med flinke strikkevenninner skulle gi meg god instruks og dytt. Etter klok rådgjeving, fann me ut at eit lite babyteppe var rette staden å starte. Eg sat og knota noko fælt i byrjinga, men etterkvart byrja strikkinga å gå meir og meir automatisk. Masker som gjekk fløyten og kluring til tross, -det gjekk betre og betre. Eg kom til å bli skikkeleg flink!

Men så var det det å fortsette for seg sjølv.

Den største trusselen mot strikkinga viste seg å vere tolmodet mitt. Det vil seie mangelen på tolmod. Same kor mykje eg prøvde, klarte eg ikkje å konsentrere meg og det var stadig vekk andre kjekke saker som tok merksemda. Strikketøyet vart liggande ubrukt og har blitt liggande sidan.

Etter eit halvt år innser eg at produksjonen mest sannsynleg har stoppa for godt.

Skulle blitt babyteppe. Enda som ei holete, halv ullunderbukse.
Skulle blitt babyteppe. Enda som…jah… ei holete, halv ullunderbukse?

Men. Så har det seg slik at etterkvart som tida går, oppdagar ein at ein har særs mange strikkekyndige folk rundt seg. Som sit og strikkar til DEG!

Nokon gir til og med beskjed om at ein kan legge inn bestilling på saker ein kunne tenkt seg, -«fordi det er så enkelt og fort gjort». Eg fattar ikkje kor dei tek det i frå, men takkar og bukkar.

Så då dukkar det plutseleg opp slike gåver som den under. Sirleg strikka babyteppe, med tilhøyrande lue, sokkar og jakke. Strikka med ein stor porsjon tolmod og kjærleik av to vanvittig fine damer eg har i livet mitt. Eg har ikkje ord!

I rest my case.
I rest my case.

Eg vel difor andre sine strikkeeigenskaper foran mine eigne når som helst. Det trur eg forøvrig babyen gjer også. Han held nok betre varmen på det viset.

Konklusjonen er at eg nok aldri kjem til å bli strikkemamma. Og det er heilt alright. Eg blir nok ei god mor likevel.

Det er forøvrig fint at me er gode på ulike saker, så kan me utfylle kvarandre. Dersom eg skulle trenge eit par sokkar eller ei lue til poden,kan eg heller bidra med noko anna i motyting. Som å fortelle ein vits, bake eit brød eller halde eit miniforedrag om kampen mellom dei tyske dativ- og genitivspreposisjonane. Det siste tippar eg mange saknar i livet sitt!

Denne delen av shoppestopp-prosjektet gjekk difor offisielt fløyten, -men til gjengjeld startar eg foreldrerolla med lågare skuldre og konklusjonen om at det er ok å ikkje fikse alt.

Det trur eg var like greitt.

/Inga

7 thoughts on “Shoppestopp 2013 / Draumen om Jenny og Maria, del 2

  1. Strikking ja! Eg syns nå foreldrerollen har gått seg til utan den eigenskapen og! Men eg var langtiddsjukemeld i siste svangerskap og lærte meg då å hekle. Det var lettare, og raskare! Nydelig strikkesett du har fått. Mine ungar lev og best i klær strikka av andre 🙂

    1. Hehe, det er godt å høyre at det finst andre! For ordens skuld har eg vekse opp med ei mor som heller ikkje har strikka og eg har hatt det godt i strikkeklede produsert av andre. 😀

      Kanskje er det hekling ein skulle ha prøvd? -Men eg har ein mistanke om at manglande tolmod slår til igjen.

      Takk for at du kika innom! 🙂

  2. Nydelig!! Jeg har lovet pappa selvstrikket skjerf til jul nå i 5 år. Ifjor ble jeg ferdig, men det ble for kort… Og den garntypen ut av produksjon haha! I år har jeg kjøpt inn nok garn, så var det bare å få begynt da! Nå begynner det å haste!
    Jeg kan kun grytekluter og skjerf, tør ikke prøve meg på noe annet 🙂

    Du kan jo bruke ditt til et lite skaut kanskje? Eller fatle? 😉

    1. Haha, fatle! Det strikketøyet blir plassert i førstehjelpsutstyret med ein gong! 😀

      Eg tippar han gler seg til nystrikka skjerf! Det er godt han har ei dotter med tolmod og grunnleggande strikkedugleik. Det er meir enn kva ein kan seie om svigerdottera! 😀

      1. Hehe jeg tror han har begynt å miste håpet! Jeg har også store planer om å strikke et helt pledd (alt som er firkanta eller rektangel), nevnte det for Will her en dag, han mente vi må fryse hvertfall 10 år til før det pleddet åpenbarer seg 😉 men – du greide jo å strikke med sånn «ledning» mellom pinnene – skills!!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s