Mat for sjela

DSC_0058Det er på tide med ei liste over mat for sjela igjen. Kom gjerne med dykkar liste!

  • At det endeleg er så kaldt utanføre at ein ser seg naudd til å fyre i peisen på morgonkvisten. Då kroppen har starta ny morgonrytme og vaknar i femtida, er det stemningsfull og fint å nyte dei første morgontimane med kaffikopp og avis medan ein ser på natta som lysnar til dag.
  • Filmsnutten om heimregionen min Sunnhordland som vart lansert i forrige veke. Det er som ein kjenner den friske lufta og sjøsprøyten gjennom pc-skjermen. Vanvittig fint laga og gir akutt heimlengsel.
  • Klementinene er her! Syrlege, søte og smak av førjulstid i emning!
  • Denne filmsnutten som tek eit oppgjer med skepsis rundt menneskeskapte klimaendringar på eit whiteboard. Fiffig og effektivt med ein klinkande klår bodskap.
  • Å ha ei budde med bøker på nattbordet som ventar på å bli lest. Det er kvardagsglamour det!

/Inga

2 thoughts on “Mat for sjela

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s