Shoppestopp 2013 / Pippa-jakka

DSC_0048Eit shoppestopp-år fører til at ein må bruke det ein har, noko som har vist seg å vere overraskande lystbetont. Ein kan ikkje lenger konkludere med at «eg har ingenting å ha på meg» og springe ut døra til næraste butikk.

I staden vert ein tvinga til å ta to kik på innhaldet i skapet, kombinere plagg på nye måtar og gjerne også ta i bruk plagg du eigentleg har dømt nord og ned. Dette har vore ein morosam prosess og har ført til at eg set større pris på det eg har.

Eit godt eksempel er Pippa-jakka mi. Eit spontankjøp frå Zara som verka lurt der og då. Nokre dagar seinare oppdaga eg at Pippa Middleton var blitt fotografert i same jakka. Hurra! måtte det ihvertfall vere eit godt kjøp når til og med ho hadde vore på Zara og raska den ned frå stativet! Jakka vart sjølvaste Pippa-jakka.

Etter ei tid byrja likevel tvilen å melde seg. Den trauste vestlendingen i meg stussa på fargen. Var den ikkje litt vel fargesterk? Prangande? Kva med dei knappane? Såg ikkje det …litt voldsomt ut? Det gjekk som det måtte gå når tvil er med i biletet, jakka vart hengande i skapet og berre nytta ein sjeldan gong.

Pippa-jakka overlevde likevel med eit naudskrik kartleggingsrunden eg starta shoppestoppåret med. Og vart hengande. Og hengande.

Men. Så er det slik at ein som sagt vert tvinga til å ta i bruk innhaldet i klesskapet i langt større grad. Etter ein mental dytt frå Instagram-kontoen til Fargerike Dagny, byrja eg å leite etter meir fargar i klesskapet. Plutseleg smaug Pippa-jakka seg med til Ålesund, med på jobb, på byen og på seminar. Litt etter litt vart den nytta stadig vekk og no er den blitt eit av favorittplagga i skapet. Tenk det!

Eit shoppestopp-år kan altså vekke klesskapsspøkelse til live igjen.

/Inga

7 thoughts on “Shoppestopp 2013 / Pippa-jakka

  1. Synes det er så imponerende denne shoppestoppen din! Jeg har litt problemer med å fullføre lignende ting selv, så klarer ikke helt å se for meg hvor mye viljestyrke som må til for å klare et helt år uten å handle noe nytt.

    1. Takk for fine ord kjære deg!!

      Eg må vedkjenne at eg starta dette prosjektet under tvil, men det har gått overraskande greitt. Det er som å skru av ein brytar og det blir fort ein vane.

      Konklusjonen så langt er at kan eg klare eit shoppestoppår, kan alle klare det! Eg er ikkje noko supermenneske og lar meg lett lokke av gode tilbod. -Men som sagt, shoppestopp er enklare enn ein trur. Eg anbefaler å prøve det!

      Ha ein fin kveld! 😀

  2. Pappa trudde det var ektemannen di si jakka. Just sayin´.
    Neida, kjempefin jakka! Du er flink 🙂

    Stor klem din største fan

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s