Grøn kvardag / Kokosolje som mascarafjernar og hudolje

2013
Er det ei sak eg diggar, så er det når ein kan bruke produkt på fleire måtar. Dette gjeld særskild når det kjem til hudpleie og sminke. Dess færre produkt, dess betre er det for skapplass, lommebok og avfall.

Dei siste månadane har eg eg fått ei ny «potet» i badeskapet, nemleg økologisk kokosolje! Dette er mellom anna ein genial mascarafjernar. Ha litt på bomull og smør på augevippene før du gnir det av. Det fjernar augesminke på ein skånsom måte og tørker ikkje ut huden rundt augene som mange andre mascarafjernarar kan gjere.

I tillegg har eg brukt den til å smøre gravidmage, føter, hender og andre tørre område. Huden blir mjuk, fin og på toppen av det heile luktar ein deilig kokos.

Eg kjøpte glaset på helsekostbutikk og glaset held lenge då ein ikkje nyttar mykje om gongen.

Kokosolje kan også nyttast i matlaging og til innvortes bruk, men kor sunt det er, er litt omdiskutert. Det er blitt særs populært innan lavkarbokosthaldet, medan statens kostholdsråd uttrykker på si side at «(…) planteoljer eller flytende og myk margarin, bør velges fremfor produkter med mye mettede fettsyrer og lite umettede fettsyrer som smør, palmeolje og kokosfett.» Her må ein altså føle seg litt fram.

Eg nyttar kokosolje hovudsakleg til utvortes bruk og vil varmt anbefale den som ei baderomspotet. 😀

/Inga

//Fleire gode tips til bruk av kokosolje, kan ein lese i innlegget 10 tips: Kokosolje for mor og barn  hjå Jona som skriv den fine bloggen Mammalivet.

2 thoughts on “Grøn kvardag / Kokosolje som mascarafjernar og hudolje

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s