Shoppestopp 2013 / Oktober

Nylig oppdatertShoppestopp-månaden oktober baud på fleire fine saker, som fornya jeans og hausting av frynsegoder frå dei første ti shoppestoppmånadane.

Her er observasjonar, erfaringar og eit shopperåd frå månaden som gjekk.

  • Kjøp ballerinasko med hæl.

Berre nokre få millimeter med hæl kan vere nok til at eit par er som balsam for føtene, medan eit anna, hællaust par tek knekken på ryggen.

Eg bur i ballerinaskoa mine frå mai til august. Helst tøyer eg sesongen litt i begge endar med tjukke strømper, slik at eg kan bruke dei enda lenger. Ballerinasko er fint og ikkje minst praktisk.

Eg har eit par av ballerina-skoa til høgre over. Det paret vert ikkje brukt då det kjennes godt i korsryggen etter nokre timar. Sko med hæl som dei til venstre kan ein fort gå med ein heil dag utan at ein merker det. Dei hællause ballerinaskoa vert nok gitt bort ved neste korsveg.

  • Å farge klede er ein genial måte å fornye kleda på.

Gå gjerne saman med fleire om ein fargevask, så sparar ein miljøet. Kusina mi skulle farge nokre klede svart, og eg fekk snike med to par jeans. Dei vart som nye! No more charcoal, mate!

Nylig oppdatert

  • Det er skikkeleg, skikkeleg kjipt når eit par sko du er verkeleg glad i blir øydelagde.

Dei var billege og i utgangspunktet av dårleg kvalitet, -men eg håpa at med forsiktig bruk og godt stell skulle dei vare lenge. Diverre har heile sålen blitt knekt (!) under transport i ein bag og no er dei ubrukelege og kan ikkje reparerast. Desse ankelstøvlettane har eg brukt mykje, både til kvardags og fest. No skal det sparast til nye …og helst av litt betre kvalitet.

DSC_0035

  • Shoppestopp fører til at ein kan bruke pengar på andre festlege saker!

I fylgje SIFO sitt refereansjebudsjett, nyttar ei gjennomsnittleg norsk kvinne på 20-50 år 9360 kr. på klede og sko i løpet av eit år. Dette er pengar som brått vert fristilt om ein har shoppestopp og som ein då kan anten spare og/eller bruke på andre saker som ein gjerne ikkje hadde brukt pengar på til vanleg.

Eg nytta høvet og starta permisjonstida med eit døgn på Holmsbu. Det var himmelsk for kropp og sjel. Takk til shoppestoppåret for feiande fin oppstart på permisjonstida!

/Inga

5 thoughts on “Shoppestopp 2013 / Oktober

  1. Jeg hater ballerinasko! Har fått ecco-sko inn med morsmelka og da takler jeg ikke ballerinasko. MEN, jeg leter etter ecco ballerinasko som jeg liker;) og apropos ecco så har jeg noen støvletter fra ecco som likner veldig på de som ble ødelagte.

    1. Ja. Ecco-sko er kjempebehagelege!

      Som sagt er det veldig viktig at ballerinaskoa har skikkeleg hæl og sit godt på foten. Elles kan ryggen utvikle eit skikkeleg hatforhold til dei. Håpar du finn gode ballerinasko frå Ecco! Eg er sikker på at dei finst! 🙂

    1. Ja, ballerinasko er genialt for oss høge! Eg er 177 cm høg og elskar dei.

      Så fint det blir med raude ballerinasko til brudekjolen!! Eg hadde låge sko sjølv og det var særs komfortabelt. Det er ingen vits å ha ukomfortable sko på ein slik storslagen dag. 😀

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s