Grøn kvardag / Små tips til grøn klesvask

DSC_0018

Eg har sansen for green nudge-begrepet til Gunhild Stordalen. Det å gi eit lite dytt er ofte ikkje meir som skal til for at me tek meir miljøvenlege val i kvardagen. Det treng ikkje ein gong vere særleg bevisste val, men små endringar som gjer at me automatisk reduserer utslepp, avfall og bruk av energi.

Me gav oss sjølv eit umedvite green nudge her forleden. Det er så enkelt at det er banalt. Men likevel. Det er rart korleis openbare løysingar ikkje er så openbare når dei er rett foran nasa vår.

DefaultSørg for å ha ein eigna stad til tørk av handklede som er lett tilgjengeleg

Me har mangla knaggar eller anna å henge tøy og handklede på på badet. Då me ikkje har ynskja å skru i flisene, har det berre blitt slik. Dette har ført til storforbruk av handklede, då dei har blitt hengande/liggande alle andre stader til tørk. Då mister ein fort oversikten over kva som er kor, kor mange gonger handkleda har blitt brukt og ein tek heller eit nytt neste gong ein går ut av dusjen. Det fører til enorme mengder klesvask.

Under ein svipptur innom Åhlens, raska eg med meg ei knaggrekke som ein kan henge på toppen av døra. Null skruar, null merke og ei knaggrekke som ein kan flytte rundt etter behov. Etter det har me automatisk hengt handkleda opp etter bruk. Der heng dei midt i synsfeltet og tørker til neste bruk. Lett tilgjengeleg, lett synleg og enkelt å halde styr på.

Dette har ført til at me har redusert med minst ein vaskemaskin i veka. Mest sannsynleg to. Å få ut fingeren og ordne ei knaggrekke var alt som skulle til, men det måtte altså gå to år før det skjedde. 😀

DSC_0030   DSC_0025

DefaultBruk vaskenett til oppsamling og vask av sokkar.

Eit anna tips fekk eg av mi lure venninne Solvor. Me har som mange andre hatt mengder med upara sokkar. Ei stadig kjelde til frustrasjon, som har ført til nye sokkekjøp, nye upara sokkar, bruk og kast. Ho tipsa om å alltid ha eit vaskenett liggande framme. Der putter ein dei brukte sokkane, også slenger ein berre posen i vaskemaskina når den er full. Då sikrer ein at alle parsokkane er med og ein finn fortare igjen para når dei er tørre. Dette har me gjort i ein månad no og det er ganske enkelt genialt!

Slike små tiltak kostar så lite, men fører til store endringar. Slikt gjer meg nysjerrig på kva andre område ein kan  gjere liknande tiltak på i kvardagen. Her er eit stort potensiale for å spare miljø og ikkje minst lommebok. Har du nokre tips, -kom gjerne med dei!

God fredag!

/Inga

//Fleire tips til grøn klesvask finn du på Grønn hverdag sine sider her.

9 thoughts on “Grøn kvardag / Små tips til grøn klesvask

  1. Jeg har heller ikke noe problem med at sokkene mine blir venneløse, men tror likevel jeg skal ta i bruk det siste tipset! Finnes ikke noe verre enn å ta vasken ut av vaskemaskina og miste en sokk her og der for så å finne den noen timer senere 😛 Vi har brukt en slik knagg som du har skaffet deg lenge nå og du har helt rett i at det gjør at det blir mindre vasking av håndduker o.l. Jeg har vel ikke så mange tips når det gjelder vasking av klær, men selv bruker jeg miljøvennlig vaskemiddel kjøpt på iHerb og så stapper jeg maskina full når jeg først vasker. Og ja, så er det jo lurt å bruke klærne flere ganger før man slenger dem til vask, men det regner jeg med de fleste er klar over 😉

    1. Så flink du er! Har du lenke til vaskepulveret du brukar? Me brukar svanemerka, allergivenleg vaskepulver, men hadde vore spanande med nokre tips!

      1. Akkurat nå bruker jeg dette: http://www.iherb.com/GrabGreen-3-in-1-Laundry-Detergent-Vetiver-24-Loads-15-2-oz-432-g/34102 Synes det fungerer ganske bra, og så lukter det godt også 🙂 Tidligere har jeg brukt dette fra samme merke: http://www.iherb.com/GrabGreen-3-in-1-Laundry-Detergent-Lavender-with-Vanilla-60-Loads-2-lbs-4-oz-1080-g/38745 . Men liker det jeg bruker nå best fordi det gir litt mer duft til klærne, og jeg liker at det lukter rent fremfor ingenting av klærne etter vask 😛 Det finnes større «pakker» med flere pods også, men disse kan være fine å kjøpe hvis man er litt usikker på kvalitet/duft etc. Selv er jeg veldig fornøyd 🙂 klærne blir rene og pene, hehe.

  2. Så gøy at du hadde nytte av tipset mitt! Også ein så enkel ting som ein liksom ikkje tenker på at ein skal tipse om! Fantastisk!

  3. Når jeg jobbet i frukt og grøntavdelingen innså jeg hvor mange av de gjennomsiktige «fruktposene» som blir brukt. Folk er vanligvis flink på å ta med handlenett men vi tenker ikke på disse fruktposene. En dag så jeg en dame som hadde med egne sånne poser, hun brukte de altså om igjen. Og det er da veldig enkelt å gjøre, knytt opp posen pent i stedet for å rive den opp. Når det er sagt må jeg innrømme at jeg ikke gjør det selv. Men prøver i det minste å droppe å ta pose for 1 løk eller purre o.l 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s