Zero Waste Family / Eit grønt dytt inn i 2014

Hei og god jul!

Det var jammen meg lenge sidan! Her har det vore skikkeleg barseltid, der alle vanlege syslar har blitt lagt litt på vent. Av og til er det uendeleg fint å hamne i ei skikkeleg boble og gløyme alt som heitter «bør» og «må», internett og andre vanlege syslar. Det har ført til ei førjulstid med låge skuldre, saktegåande tid og færrast mogleg punkt på må-gjere-lista. Å konsentrere seg om nokre få bør/må i førjulstida og seie seg nøgd med det, freistar til gjentaking!

Håpar de alle har hatt ei fredeleg julefeiring og får lada batteria til det nye året!

Eg kom over eit interessant YouTube-klipp forleden. Bea Johnson og familien hennar tok eit val for nokre år sidan. Dei ynskte ein grønare livsstil, der dei skulle klare seg med færrast mogleg ting og dermed produsere minst mogleg avfall. Slagordet deira er «Refuse, Reduce, Reuse, Recycle, Rot – and only in that order». Det er kort og godt fascinerande å sjå klippa om korleis dei organiserer hus, heim og forbruk i kvardagen.

Eg må ærleg innrømme at eg trur ikkje eg hadde klara å leve i eit så nedstrippa hus, fritt for personlege eigedelar (uæh, kva med bøkene, bileta og hurradama mi?!). Det er også (enn så lenge) begrensa kor mykje ein kan handle i lausvekt og store kvanta i norske daglegvarebutikkar. Likevel er Zero Waste-prosjektet ein tankevekkar  og ekstremt inspirerande!

Til dømes kan me øve oss på å velje produkta med mindre emballasje og planlegge innkjøp betre slik at det fører til mindre avfall. Håpar dette kan gi dykk, som meg, eit lite, grønt, dytt inn i 2014.

Gå inn på Zero Waste Family for fleire grøne tips i kvardagen.

/Inga

5 thoughts on “Zero Waste Family / Eit grønt dytt inn i 2014

  1. Enormt inspirerende! Likte spesielt godt alternativet til plastposer – vaskeposer. Der jeg jobber går vi gjennom plasthansker, matavfall og generelt «svart avfall» som om det ikke var en morgendag for noen av oss. Der er det dessverre vanskelig å få endret på mye av disse tingene, men hjemme – DER er det jeg som har råderett:)

  2. Ja, ikkje sant! Ein må byrje i det små, så kan ein etterkvart utrette mykje! Lukke til og takk for at du la igjen ein kommentar her! Det er spanande å lese om kva de andre tenkjer om grøn kvardag-postane mine! Ha ein nydeleg dag vidare! 🙂

  3. Wow! Jeg kom over bloggen din ved en tilfeldighet og takk! Takk for at slike som deg finnes i blogguniverset, med beina godt plantet på jorden og fokus på at denne planeten vår faktisk skal vare en stund til 🙂 Jeg skal ikke skryte på meg at jeg er noen flinkis når det kommer til miljø, og zero waste prosjektet blir nok noen hakk for ambisiøst for meg, men jeg lar meg villig inspirere og tenker at små grep i hverdagen også teller. Håper mange lar seg inspirere, jeg gleder meg hvertfall til å følge deg videre 🙂

    1. Åh for ein fin kommentar! Tusen takk! Det er hyggeleg at mine små, kvardagslege forsøk på å leve grønare kan inspirere! Ha ei nydeleg nyttårsfeiring!!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s