Shoppestopp 2013 / November og desember

Grunna barselboble kjem november og desember i ein samla post.

På førehand hadde eg sett for meg at november kom til å bli den mest utfordrande månaden  med magen på sitt største. Desember skulle på si side bli den enklaste, då eg stort sett kom til å traske rundt i praktiske ammeklede og vere innanføre leiligheten sine fire vegger. Mykje stemte, men det vart og nokre overraskingar!

I gravidjakke på tur på Norsk folkemuseum to dagar før fødsel. Fin stad å få tid til å gå!
I lånt gravidjakke, lånt kvardagskjole og bruktfunnet, Nike-skoa, på tur på Norsk folkemuseum to dagar før fødsel. Fin stad å få tida til å gå.
  • Lån av gravidjakke gull verdt! På førehand hadde eg gambla på at november ikkje kom til å bli ein bitande kald månad. Om jakkene ikkje gjekk heilt igjen, kunne eg dekke meg til med store skjerf eller låne mannen sine jakker om me skulle ut og gå tur. November vart ein kald månad og det vart med eitt litt stusseleg. Heldige meg fekk brått overlevert ein pose med gravidklede frå ei venninne heimefrå og der låg det jammen meg ei fin gravidjakke!! Den vart flittig brukt kvar dag fram til fødsel.
  • Joggesko er yndlingsskoa når ein slit med å bøye seg over gravidmagen. Dei brukte Nike-skoa eg vart euforisk av å få i vår, vart fast del av habitten då eg var høggravid. Mjuke, praktiske, fine og enkle å få på.
  • Haremsbukse er bleiebukse for vaksne. Eg arva ei haremsbukse i somar. Den viste seg å vere perfekt på barselavdelinga.
Haremsbukse!
Haremsbukse!
  • Hei Dolly Parton! Farvel comeback! Babyen var brått ute og megamagen forsvann. Eg vart framleis tatt for å vere gravid fire dagar etter fødsel, men magen var i det minste liten nok til at eg kunne bruke gamle overdelar og skjorter igjen. Trudde eg. Neidå. For når magen går ned, aukar volumet lengre opp. For ei med beskjeden utrusting frå før, var dette litt sjokkarta. Fleire av overdelane mine passar framleis ikkje. Nedtur? Så til dei grader.
  • Kvardagskjolane er og blir årets gravid-hit. Eg hadde ingen i skapet då året starta, men fekk låne fire kjolar av tre venninner som vart brukt stort sett kvar dag den siste månaden. Det er utruleg praktisk og ein kjenner seg så fin! Det beste er at ein slepp og tenkje på om kleda heng saman på midten.
Kvardagskjolar på lån
Kvardagskjolar på lån
  • Ein kan lage ammetopp sjølv. Man tager hva man haver når ein har shoppestopp. Så lenge ein har ein tynnare topp under overdelen, har ein ein heimelaga ammeoverdel. Trekk ned utringinga på den den innerste og trekk opp den øverste. Då får ein ei stor nok glipe til amming, samstundes som ein er fullt påkledd på overkroppen. Dei mykje omtalte ulltrøyene er gull verdt til dette også.
  • Eg gjekk på shoppestopp-smell nr. 2. Ammebh var lånt av ei venninne og eg var særs nøgd med å ha ordna meg utan å kjøpe nye. Men. Så var det denne Dolly Parton som brått dukka opp og lånt bh var brått for liten. Ein stykk sprengd og desperat shoppestoppar måtte til slutt ut for å kjøpe ammebh i passeleg størrelse. Då dette prosjektet som nemnt ikkje skulle vere fysisk smertefullt, passerer dette innkjøpet saman med støttestrømpene.

Den endelege konklusjonen på shoppestopp-året kjem i ein annan post.

/Inga

7 thoughts on “Shoppestopp 2013 / November og desember

  1. Hverdagskjoler er det beste! Jeg har aldri vært en kjole-jente før, men i fjor bestemte jeg meg for å bli det, og det har fungert utmerket. Jeg savner å gå med kjole om det er noen dager siden sist(!), man føler seg så fin og så er det så behagelig å gå med. Hverdagskjoler for president!
    P.S: Jeg har også forstått at alle kjoler(nesten i hvert fall) kan være hverdagskjoler eller pyntekjoler, avhengig av hva man har til 🙂

  2. Finfin blogg! Jeg er veldig spent på din konklusjon på shoppestopp-året da dette er noe jeg vil forsøke, dog et halvår av gangen 🙂

    1. Så bra at du vil prøve! Eg anbefalar det på det sterkaste. Eg kan avsløre at det har vore veldig morosamt! Så kjekt at du kikar innom og likar det du les! Ha ein nydeleg dag. 😀

  3. Hei,

    Så hyggelig at du blogger igjen (selv om barselspause naturligvis var velfortjent)! Inspirert av shoppestopprosjektet ditt har jeg tatt fatt på shoppestopp 2014 – det vil si, «forbudet» begrenser seg i utpangspunktet til klær, sko, sminke og annet min far ville ha kategorisert som «dill», men jeg merker at tankegangen smitter over på de andre innkjøpene også. Vi har akkurat flyttet inn i ny leilighet som er noe større enn den forrige (36 kvadrat på to mennesker er tross alt ganske slitsomt i lengden) og jeg kjenner på at det er veldig lett å la seg rive med og kjøpe mye møbler og gardiner, tepper osv. som man egentlig ikke trenger. Foreløpig har vi kjøpt et par stoler og et tv-bord på finn (win for oss og win for hun som skulle flytte og slapp å kaste dem) og svigers har donert en lenestol som vi skal fosøke å trekke om selv (yikes!). Uansett, dette blir spennende – lurer på om jeg kommer like godt gjennom det som du gjorde! 🙂

    1. Så flink du er! Eg heiar på deg og er sikker på at du klarar det!

      Eg kjenner meg igjen i det du skriv om leilighet. Me flytta inn i leiligheten år for to år sidan og hadde med nokre få Ikea-møblar på lasset. Etter det har det blitt nokre fine loppis-funn, men me har også gjort nokre dumme kjøp då me «måtte» kjøpe det første og beste me fann. I staden for å site på gjerdet, gruble litt og spare til saker me verkeleg ynskjer oss og som me ser for oss at me skal ha med oss vidare i livet. Slike «quick-fixar» er sjeldan ei god løysing og då er det betre slik som de gjer, å rett og slett smøre seg med litt tolmod! 🙂

      Lukke til!!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s