Sjokoladeskåler på 1-2-3

2013-12-31 03.29.25

Me var invitert bort på nyttårsafta men middagen skulle vere eit realt spleiselag. Då nyttårsafta like mykje er eit tidspunkt for å kike tilbake på året ein har lagt bak seg, var det ekstra stas å ta med smakar frå haustinga i år. Kjøtet fekk difor selskap av sylta gresskar og plommechutney, laga av mor mi no i haust. Det er luksus å ha slikt ståande på glas! Vertskapet er blitt habile ølbryggarar og baud mellom anna på årets julebrygg. Slik fekk me nytt dei siste smakane av 2013 før me gjekk inn i 2014.

2013-12-31 02.24.26   2013-12-31 03.25.07

For å kunne bidra litt til desserten, heiv eg meg rundt og laga ei sjokoladeskål til kvar gjest. Det ser veldig flott ut, -men er latterleg enkelt å lage. Slike løysingar er gull verdt å ha på baklomma om ein har litt dårleg tid.

Eg fekk tak i nokre ballongar og raida kjøkenskapa for sjokoladerestar etter jula. Til 8 ballongar, nytta eg rundt 300g sjokolade. Sjokoladen som er igjen i skåla etter dypping, kan ein koke kakao på, -så får ein nytta rubbel og bit!

Blås opp antal ballongar du treng (1 per skål), men gjerne nokre ekstra i tilfelle nokre skåler går i stykker undervegs. Smelt sjokoladen i vassbad og dypp ballongane før du set dei på ei fjøl/fat dekka med matpapir. Ballongane står av seg sjølve, då sjokoladen stivner fort og stabiliserer. Sett det kjølig og la sjokoladen stivne heilt.

2013-12-31 04.12.16 Når sjokoladen er stivna finn du fram ei nål og sprekk ballongane. Trekk forsiktig ballongen ut av skåla. Den kan av og til klistre seg litt fast, men med litt tolmod går dette heilt fint.

Litt av kanten på skålene kan av og til knekke av når ein fjernar ballongen, men det gjer ingenting. Det ser berre fint og  litt kunstnerisk ut med den ujamne kanten!

2013-12-31 03.24.45  2013-12-31 04.12.39

Det kan vere lurt å stå ein kjølig stad når du skal trekke ut ballongane for å unngå at sjokoladen vert mjuk. Med plussgradene me hadde på Vestlandet, stod eg utandørs ved ei gamal bakstefjøl og laga skålene. Elles vart dei avkjølt og oppbevart i kjøleskap.

2013-12-31 04.26.45Skålene vart brukt til å servere kuler med heimelaga lønnesirup-is på nyttårsafta. Det har eg diverre ikkje bilete av, men det var fint som berre det! …og lønnesirup-isen. Den tenkjer eg på enda, Solveig!

/Inga

10 thoughts on “Sjokoladeskåler på 1-2-3

  1. Aha, der var feilen jeg gjorde da jeg prøvde det for noen år siden; jeg sto på et varmt rom og fikk nok for myk sjokolade. Tror jammen jeg skal prøve igjen en gang! Gutten min snakker fremdeles om sjokolademousse i sjokoladeskåler (som jeg da altså måtte kjøpe siden jeg ikke fikk det til selv) som han hadde på bursdagen sin for noen år siden.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s