Klimaforsett 2014 / Er du med?

Nyttårsforsett gav eg opp for lenge sidan. Det luktar for mykje av forbod og fallitt. Men. Nyttårsmål derimot, tenkjer eg på som den motiverande venninna til nyttårsforsetta. I staden for å ha nyttårsforsett om å kutte ut godteri, kan ein til dømes heller ha nyttårsmål om å prøve og ete litt grønt til kvar måltid. Skjønar?

Nyttårsmåla skal utfordre deg på eit positivt sett, som gir deg lyst til å nå dei. Det høyres gjerne banalt ut, men det funkar!  Om du ikkje når dei, er det ikkje så nøye. Då var det gjerne ikkje så viktig for deg å nå det eine målet likevel? Eventuelt hadde du litt for mange mål og måtte prioritere litt kva du skulle klare som noko «ekstra» i året som var. Eg har hatt nyttårsmål dei siste åra og det har vore morosamt både jobbmessig og på heimebasis. Har eg nådd alle? Langt i fra! Det gjer ingenting. Eg nådde jo nokre av dei, og det er meir enn om eg ikkje hadde hatt mål i det heile tatt. 😀

Instagram / Mdg
Instagram / Mdg

Miljøpartiet de grønne har i desse dagar lansert hashtaggen #klimaforsett2014. Den skal oppfordre deg og meg til å ha nyttårsforsett som går på klima og miljø. Rett og slett grøne nyttårsforsett. Eg tykkjer dette er eit supert tiltak og har tenkt å hive meg med. Etter litt grubling har eg kome fram til tre klimamål for 2014:

  • Eg skal velje kollektivt, sykkel eller beina framføre bil så ofte som eg kan.

Me bur akkurat passe langt unna bysentrum til at det er freistande å nytte bil på småturar i kvardagen. Samstundes går bussen rett utanføre døra kvar time og det er flott gang- og sykkelsti til både nærbutikk, togstasjon og bysentrum. No skal det trillast og bussast i større grad. Det blir bra for både kropp og sjel!

  • Me skal ha kjøttfri måndag kvar veke.

Produksjon av kjøt er ein klimaversting. Å innføre kjøttfri måndag, er difor eit fint, grønt tiltak. Eg gler meg til å lage meir vegetarmat!

  • Eg skal fortsette å bruke handlenett og veske som handlepose så ofte som eg kan.

Plastposar fører til enormt mykje avfall. Som oftast blir dei berre nytta 1-2 gonger før dei hamnar i søpla. Me brukar som oftast handlenett når me tek vekeshandel av mat, men etter andre innkjøp kjem me heim med nye posar i handa. Særskild desse små posane som ikkje kan nyttast til noko. No skal  varene oftare i veska, i eit medbragt handlenett eller under vogna, -utan pose på.

Er du med? I så tilfelle; kva for nokre klimamål/klimaforsett har du for 2014?

/Inga

2 thoughts on “Klimaforsett 2014 / Er du med?

  1. Jeg lurer på en ting… Hvis man spiser fiskemiddag, teller det som kjøttfri middag? Jeg syns min svigermor var litt søt når hun utbrøt: men jeg spiser jo ofte kjøttfri middag når jeg spiser brødskiver til middag 🙂 når det gjelder poser kan det også være en ide å bruke «fruktposene» flere ganger.

    1. Hehe, svigermora di er god!

      Eg har tolka det slik at det også er ein fiskefri dag. Eg veit nokon også et fisk når det er kjøtfri måndag, men eg tenkte dette kunne vere ein gylden moglegheit til å prøve ut meir rein vegetarmat!

      Det er eit kjempegodt tips med gjenbruk av fruktposane. Det er irriterende med slik som vert brukt berre ein gong før det blir til avfall igjen!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s