Grøn kvardag / Barneklede

Fine bruktklede på rekke og rad. Til og med den blå sparkebuksa til onkel Bjørn er like fin 24 år etter!
Fine bruktklede på rekke og rad. Til og med den blå sparkebuksa til onkel Bjørn er like fin 24 år etter!

Når ein ventar ein liten ein, kan ein lett bli overvelda over kor mykje ein «må ha» til babyen. Etter at vesle O kom til verda, har eg erfart at det nødvendigvis ikkje må vere slik. Heldigvis fekk me det gode rådet «hugs at butikkane også er opne etter at babyen er ute», noko som førte til at me berre kjøpte inn det absolutt nødvendige før fødsel.

Eg tenkte eg difor skulle skrive eit par innlegg om kva me tykkjer har vore praktisk no i oppstartsfasen, kva ein fint kan klare seg utan og kva løysingar ein kan nytte seg av som «grønare løysingar» etter at ein har fått born.

Men hugs: det kan vere særs individuelt kva som er «nødvendig» og ein bør først og fremst tenkje på sin eigen kvardag, sine eigne behov og utgangspunkt før ein handlar i veg. Om du har born og har andre erfaringar enn meg, -kom meir enn gjerne med tips og råd i kommentarfeltet!

DSC_0070

  • Å arve klede er super gjenbruk!

Når det kjem til klede er omtrent 80% av kleda til O arva frå andre. Me fekk mellom anna to store IKEA-bagar med babyklede i ulike størrelsar før han vart fødd. Det var heilt fantastisk å få ein slik «startpakke» når ein ikkje heilt har oversikt over størrelsar og kva som er praktisk og ikkje. Etter dette har det støtt og stadig komt fine, små plagg over dørstokken frå gode vener med born som har vekst i frå dei. Det er så uendeleg fint og dei skal bli tatt godt vare på, -slik at kleda kan bli brukt av andre sine born igjen.

  • Ein får ofte klede i gåve når ungen er fødd. Det er difor lurt å vente litt med dei store innkjøpa til ein veit kva ein har.

Ein får også ofte klede i gåve når ungen er fødd. Klede er difor noko ein ikkje treng kjøpe mykje av i forkant. Eg trur me kan telje antal plagg me har kjøpt på to hender.

DSC_0072

  • Lag ein «gjenbruksring» med andre foreldre.

Eg veit mange har fast sirkulasjon av barneklede i venegjengen. Slik slepp alle å kjøpe ny parkdress og støvlar kvar gong poden veks inn i ny størrelse. Plagga vert brukt av fleire born før dei vert pakka ned. Det er ei super ordning då ingenting er så forgjengeleg som barneklede. Etter sju veker har O allereie vekst ut av mange av plagga me nytta i starten.

  • Høg pris = meir slitesterke klede? -Ikkje like relevant for borneklede med kort brukstid.

Dersom ein berre kjøper nytt til kvart born, fører dette til enorme mengder klede og avfall. Det er også lurt å hugse på at klede frå billigkjedene kan vere like gode som dyrare klede til born. Dei fleste plagga me har arva, har blitt nytta av minst to born, men kleda frå H&M og liknande kjeder er like fine. Argumentet om å gå opp i pris for å få meir slitesterke klede stemmer ofte når det kjem til vaksenklede, men er ikkje like relevant for borneklede, då dei vert nytta så kort tid.

  • Bruk Finn.no, Fretex og andre butikkar for fine bruktfunn.

Elles får ein kjøpt mange fine bruktklede på Fretex og Finn.no. På Finn.no kan ein ofte finne bruktsal av kassar med bestemte størrelsar for ein slikk og ingenting, -som til dømes her. Det er ei god og rimeleg løysing, -spesielt det første året då borna veks ut av størrelsane i turbofart.

  • Bruktklede til born er trendy!

Den siste tida har kjøp av bruktklede blitt fronta av motebloggarar som Maria Skappel og Celine Aagaard, noko som er superbra. Tine bak bloggen Oslo in Chanel blogga om kjøp av brukt barnehageutstyr og den kjende mammabloggaren Susanne Kaluza hadde ein eigen Instagram-aksjon med fokus på bruktklede til born.

Å kjøpe bruktklede til born er rett og slett blitt trendy. -Det er genialt for både miljø og lommebok!

/Inga

4 thoughts on “Grøn kvardag / Barneklede

  1. Vi arvet veldig mye klær til Orvar, og det var supert! Mest i de aller minste størrelsene, da. Og vi måtte ut å kjøpe litt, fordi vi fant våre favorittplagg som fungerte ekstra godt i det daglige (for eksempel synes jeg omslagsbodyer er gull til de aller minste, kjekt å ikke måtte dra noe over hodet!). Når jeg kjøper nytt, ser jeg etter økologisk bomull og solide ullklær. Vi ønsker oss flere barn på sikt, så jeg handler bare ting jeg tenker kan gå i arv. Vi er også så heldige at vi kjenner mange som vil strikke til Orvar, det er helt klart de aller beste klærne! Og de får helt sikkert et langt liv, også etter at O har vokst ut av dem!

    Helt enig med deg i at dyrt ikke nødvendigvis er bra, men det er likevel stor forskjell på hvordan plagg holder etter vask, synes jeg. Det har dog ikke alltid noe med prislappen å gjøre, man må bare se litt nøye på hvert plagg før man handler.

    Utrolig lurt med gjenbruksring, den ideen skal jeg ta med meg videre!

    1. Så enig! Omslagsbodyane er gull verdt! Ullbodyane er også i bruk dag etter dag. Det er godt ein har så deilig ull no, -då eg eg har sterke minne om ullstillongsar som klødde fælt då eg var lita. 😀

      Eg fulgte tipset ditt om økologisk bomull på Lindex og H&M før O vart fødd. Dei hadde så mykje bra, så takk for det! 🙂 Eg håpar også på å få til ein gjenbruksring med vener og kjende, -det hadde vore supert! Gjerne eit nyttårsmål for 2014? 😉

  2. Iben arva mye lekkert i de minste størrelsene og da var hun den tredje ungen som brukte klærne. Og noen av klærne gikk blant annet videre til Orvar over her 🙂

    Jeg har alltid vært glad i å handle brukt så det føltes rett å forsette med det når jeg ble gravid.
    Jeg hamstra nydelig hjemmestrikk på loppis, sydde sparkebukser av reste-stoff og følgte med når Nøstebarn hadde salg.
    Etter flere år i barnhage har jeg lært at du får det du betaler for når gjelder yttertøy til barehagebruk så da jeg vært tidlig ute å kjøpt inn neste størrelse når det har vært salg 😀

    1. Det var eit godt tips med omsyn til yttertøy i barnehage. Eg får halde auger og øyre opne. Eg har gitt opp strikkekarrieren, men er så glad for strikk me får av andre. Mellom anna strikkasokkar som er ekstra lange (eigentleg knestrømper) har vore gull verdt, då dei ikkje er like enkle å sparke av seg.

      Så flink du er som gir plagga vidare til Orvar og andre! Dei er heldige! 😀

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s