Grøn kvardag / Borneleiker

DSC_0074 1

Er det ein ting som er sikkert, så er det at barneleiker sjeldan går av moten. Kanskje har din pode, som min, besteforeldre med huset fullt av leiker?

Me fann ein kjempefin babygym heime hjå foreldra mine i jula. Den vart mest sannsynleg kjøpt til systra mi i 1994. Etter ein vask med varmt vatn og zalo, var støvet borte og gymmen skinande rein. I midten mangla det ein del, men der hengde me på ei trerangle. Den vart så god som ny!

DSC_0077

Babygymmen var fascinerande frå første stund. Sterke fargar og ting ein kan slå på slik at dei beveger seg, er toppen av lukke!

Gjenbruk av borneleiker er rett og slett veldig koseleg og ikkje minst miljøvenleg. Det blir nok ein liten kik i bua neste gong me er heime også. 🙂

Om du ikkje har moglegheit til å arve bruktleiker, er igjen Finn.no, Fretex og loppemarknadar supre stader for å finne fine leiker.

/Inga

6 thoughts on “Grøn kvardag / Borneleiker

  1. Det er heilt utruleg kor mykje ein kan finna brukt av slikt. Og vener og kjende deler jo gladeleg av utstyr dei har blitt ferdige med. Og dessutan: babyen veks jo ut av både leiker og klede før ein får sukk for seg. Så det er berre tull å kjøpa inn masse nytt. Gled deg til den dagen veslingen din har oppdaga kjøkkeskap og hyller – der har han alt han treng av leiker! 😉

    1. Hehe, ja! Det blir saker når han skal byrje å omorganisere kjøkenskuffer og skap! Me får nyte tilværet så lenge han ikkje rikkar seg utanføre teppet. 😀

  2. Jeg tror UnderbaraClara en gang skrev om at hun og noen venner pleide å bytte på leker. Og når den «originale» leken kommer hjem igjen er det jo dobbelt så stor stas som før 🙂 Ellers elsker jeg å kjøpe barnebøker på loppis/fretex. Det er jo så mye fint som kanskje ikke er i butikkene lengre. Min favoritt er gubben og katten bøkene(de kjøper jeg til meg selv, kremt…)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s