Gåvetips / Boka om meg

DSC_0166

Det skjer litt for fort nye saker når eit born er kome til verda. Eg skjønar ikkje kor tida går. I den eine augenblinken hadde me ein liten, rosa bylt som låg i fanget. Etter ni veker sit me her med ein skikkeleg kraftkar som helst vil opp og kike, preike og glise. Kva skjedde? Eg ynskjer allereie at tida kan gå saktare, slik at me kan nyte dei fine augenblinka berre litt til.

DSC_0168

Sjølv om det stadig vekk skjer nye saker som me vert overbegeistra over, ser eg at dei fort kan gå i gløymeboka etterkvart som det kjem nye framsteg. Det er difor fint å notere ned dei små milepælane slik at ein kan hugse dei også når poden er blitt eldre.

DSC_0170

Eg vart difor skikkeleg glad då eg kom over Boka om meg. Dette er ei bok kor ein kan notere ned større og mindre saker når poden veks opp, -og den er på nynorsk! Det er enormt mange slike bøker på marknaden, men dette er nok den einaste på dette målet.

DSC_0169

Den er utgjeven av Samlaget og er illustrert av fantastisk flinke Eva Eriksson. Teikningane hennar er vidunderleg fine!

DSC_0172

Neste gong du vil gi noko fint til ein nybakt unge, kan gjerne dette vere noko?

/Inga

4 thoughts on “Gåvetips / Boka om meg

  1. Den boka er så fin! Jeg kjøpte den ganske kjapt etter jeg fant ut at jeg var på vei med Iben! Og det var så kjekt å finne ei bok på nynorsk, siden det snakkes og skrives nynorsk i halvparten av husstanden.
    Jeg var ganske flink til å fylle ut i starten og få framkalla bilder, ikke fullt så flink nå men skal bli bedre 😉

    1. Hehe, nei eg ser for meg at dette fort også kan bli eit «skuledagbok-prosjekt». Ein er kjempeivrig i starten og så dabber det litt av. -Heldigvis er den litt tynnare enn Penny-skuledagbøkene eg hadde, så kanskje er det håp!
      😀

  2. oi! nå fekk eg lyst til å kjøpa denne bok berre fordi den er på nynorsk og eg elskar illustrasjonane! haha kanskje litt dumt når eg ikkje eingong tenkjar å få born i næraste framtid!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s