Pause frå kaffikapslane

DSC_0041 4

Den kaffikoppen om morgonen. Den er himmelsk! -Men tenk at den skulle smake enda betre etter at ein fekk born! Eg tar meg sjølv i å av og til glede meg til den første koppen med kaffi når eg går til sengs om kvelden. Det er nydeleg med små oppkvikkarar og gleder når nattesøvnen ikkje heilt er den same.

Hugsar de eg var litt frustrert over avfallet kaffikapslane førte til? På eit eller anna tidspunkt i haust gløymde me å kjøpe nye kapslar og handla inn vanleg traktekaffi og kaffi til presskanna. Etter det har me ikkje sakna kapslane ein dag. Rykande fersk kaffi, -i mengder, om morgonen er fantastisk og presskanna og traktaren leverer til dei grader. I tillegg er det langt meir miljøvenleg.

No drøymer eg om kaffikvern (gjerne den til Tim Wendelboe!) slik at me kan eksperimentere meir med ulike kaffibønner. Det kan også vere verdt å merke seg at dei fleste kaffibarar m.m. meir enn gjerne kverner kaffien for deg, når du kjøper bønner. Då kan du velje finhetsgrad sjølv og anten få den som espresso-, presskanne- eller traktekaffi. Det er fint det! Ein pose ekstra god kaffi er forresten ei super gå-bort-gåve!

Uansett, – godt med «miljøutfordringar» som løyser seg av seg sjølv! 😀

/Inga

6 thoughts on “Pause frå kaffikapslane

  1. Eg har også den kaffikverna, veldig bra! Og eg har prøvd MANGE kaffikverner .. Det som er viktig når ein kjøper bønner, er å kjøpa ferskbrende bønner (kaffi er ferskvare:-)), og etter at eg byrja kjøpa berre det, greier eg ikkje å drikka kaffi som er laga av gamle bønner (dvs. dei ein kjøper ferdig kverna på vanlege matbutikkar). Så eg blir kanskje sedd på som litt snål når eg har med stor termokopp med rykande fersk og sterk kaffi på jobb og aldri drikk av kaffitraktaren som står på heile dagen … Den frukosten din såg forresten kjempegod ut!:-)

    1. Hehe, neidå! Det er heilt lov å ta med eigen termokopp på jobb. Det er rart kor viktig jobbkaffien blir. Det var stor stemning på jobb då me fekk ny kaffimaskin i haust, -med god kaffi! Gledesrus!

      Jepp, frukost er viktig. Det viktigaste måletide iløpet av dagen! Eg er hekta på makrell i tomat om dagen. Godt! 😀

  2. Kjenner meg sånn igjen! Jeg har en baby på 4 mnd og gleder meg veldig til morgenkaffen. Veldig fint med små hverdagsgleder:) Tenker jeg skal prøve meg på oppskriftene dine på bananbrød og eltefritt brød med rosin/kanel, nydelig til kaffe vil jeg tro!

    1. Ja! Kaffi er nok ein av dei viktigaste oppfinningane i verdshistoria, -ifylgje småbarnsforeldre.

      Prøv oppskriftene! Dei er ein slagar til kaffikoppen. 😀

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s