Grøn kvardag / Stelleveske

DSC_0004 3

Etter å hatt baby i tre månadar er eg overraska over kor lite ein eigentleg treng. Ein møter mange guidar og lister på nettet over saker ein «må» ha, men etter mitt syn kjem det veldig an på kva ein har lyst til å bruke pengar på. Mykje har ein allereie i hus!

Det  er viktig å påpeike at når det kjem til babyutstyr, er smaken er litt som baken. Nøyaktig kva ein tykkjer er praktisk og fint å ha, varierer frå person til person. Me lever ulike kvardagar med ulike behov. Det er difor viktig å tenkje over kva du eigentleg har bruk for og ikkje nødvendigvis følge alle lister og tips ein får. 

Likevel tenkte eg eg skulle skrive nokre ord om kva me tykkjer har vore nyttig. Me har begrensa oss litt då me har så og sei ingen oppbevaringsplass igjen. Lysta på å fylle heimen med fleire ting har difor vore liten.

Stelleveske. Bruk ei veske eller handlenett med hank som du har liggande. Det viktigaste er at det rommar det det skal og at du enkelt kan slenge det over skuldra på veg ut døra. Me brukar ei gamal veske frå Zara. Den fungerer supert og når babytida er over, kan eg nytte den som vanleg veske igjen.

Stelleunderlag. Det er greit å ha eit underlag til babyen når ein må ta eit stell på ein kafé, bensinstasjon eller for den saks skuld, i bilen. Her finst det både ferdigsydde babyunderlag og eingongsunderlag i papir på marknaden. Mange kjøper eller får det med når dei kjøper stelleveske.  Å bruke eit lite handklede er minst like bra. Det tek liten plass og når det har vore i bruk, slenger ein det berre i vaskemaskina. Hygienisk og enkelt.

Stelleprodukt: Heime skyller me stumpen i lunka vatn i vasken og tørker han anten med eit handklede eller lar han lufttørke. Ute er det alright å ha med våtserviettar då det ikkje alltid er mogleg (eller særleg freistande) å skylle stump. Det er mange fine svanemerka våtserviettar på marknaden. Til dømes desse frå Neutral som også er parfymerfri.

Som nybakte foreldre får ein mange gratisprøvar på kremar og liknande til babyhud. Her er erfaringa at det enkle er ofte det beste. Bruk potetmjøl! Det er eit vidundermiddel! Bruk det raust i alle krinkelkrokar. Me har enda ikkje sett noko til sår stump. Dersom det har vore antydning til raude område, har me hatt på litt sinksalve, men det har vore ein sjeldan gong. Heime har me ein pakke potetmjøl ståande ved stellematta. Det er supert om ein kan ha med potetmjøl i ein liten boks eller annan behaldar i stelleveska. Etter graviditeten hadde eg eit ubrukt urinprøveglas liggande i badeskapet (ein avgir hinsides mange urinprøvar gjennom ein graviditet!). Det fungerer no som potetmjølbehaldar og er med i stelleveska.

Bleier: Etter å ha grubla litt fram og tilbake mellom tøybleier og papirbleier, landa me på papirbleier. No har fleire av bleiemerka blitt svanemerka (inkl. Libero) noko som er kjempefint. Det er likevel mange gode grunnar til også velje tøybleier då det er meir miljøvennleg enn papirbleier. Mange kommunar har støtteordningar for innkjøp av dette og t.d. Koffeine har skreve litt om sine erfaringar med tøybleier her. Ein kjempefin post med interessant lesnad.

Avfallsposar: Det er som oftast avfallsdunk der ein skifter bleier. Eigne plastposar til bleiene er difor overflødig. Det kan likevel vere lurt å ha oppbevaring til skitne klede. Eit handlenett som kan lukkast eller eit putevar er genialt å bruke som skittentøyspose, då dei kan vaskast i vaskemaskina og brukast på nytt.

Elles er det lurt å ha med vanlege saker som eit klesskift, ekstra smokk, ei leike, nokre q-tips for born (til auge, nase og øyrer) og ein pakke kleenex eller ein rein klut.

Til sist og ikkje minst: hugs å fylle på etter at du har vore ute av døra. Kremt. Elles kan ein risikere å til dømes stå på Gardermoen med baby med bæsj til nakken, null bleier eller klesskift i stelleveska og ingen bleier til sals innanføre sikkerhetskontrollen. Himmel og hav. Takk for rause babyforeldre, galgenhumor og varme utenpådressar som ein kan reise nesten naken i.

Har de andre lure utstyrstips som sparer lommebok og miljø? 

/Inga

7 thoughts on “Grøn kvardag / Stelleveske

  1. Veldig fin og nyttig post. Har alltid med antibac, ikkje alltid ein stad å vaske hender før amming eller bleieskift. Når det gjelde skitne klede må eg seie at plastposar ofte er det beste. I tilfelle der alt er vått og kanskje ikkje luktar så nydeleg heller 🙂
    Har ved 2 anledningar delt ut bleiar på flyplassen til fortvila foreldre, så det er eit vanleg fenomen 🙂

    Ha det vidare, kjenner eg saknar permisjonstida no når eg att er planta i kontorstolen igjen…

    1. Hei! 😀 Godt poeng med antibac og fint innspel med plastposen! Enn så lenge er det heilamming og då luktar det i verste fall litt surmjølk. Tenkjer lukta endrar seg når me byrjar å introdusere vanleg mat. Ai ai ai!

      Takk for det! Eg nyt tida det eg kan. Om nokre månadar er det tilbake på jobb og det blir nok ein overgang. 🙂

  2. Haha, etterfyll-tipset er det beste tipset jeg har lest så langt! Jeg vil gjerne gi deg noen mat for sjela tips, siden jeg ikke rakk det på forrige post(og fordi jeg syns det er så gøy):
    – Stemmen til Stein Torleif Bjella
    – Freaks and geeks serien(akkurat ferdig med siste episode)
    http://lolthatsme.tumblr.com/ Tidenes gullgruve!
    – fine blogger: http://flora.metromode.se/ og http://jenniferstroud.blogg.se/ og http://www.malinbohm.se/blogg/ og http://unvelo.se/

    1. Åh, så kjekt!! Eg gler meg til å sette meg ned med pcen og sjekke ut lenkene når stillheten har seinka seg i heimen i kveld! Mat for sjela er gull verdt, -og så fint når me kan tipse kvarandre om slike fine ting! 🙂

  3. Fint innlegg! Jeg har begynt begge mine babyperioder med tanken om fin egen stelleveske, men jeg aner ikke hva som fikk meg til å tro at jeg skulle holde meg til en veske et helt år det øyeblikket det var bleier oppi, når jeg vanligvis bytter fra dag til dag. Etter hvert begynte jeg å bruke et stoffnett med bleie, et par gulpekluter (funker også som klut og stelleveske) og ekstra body og strømpebukse. Nettet kunne jeg flytte fra veske til veske, og det kunne brukes som skittentøyspose. Påfyllingstrikset skal jeg huske på til neste gang 😉

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s