Grøn kvardag / Papirfri lesing

DSC_0044 4

Det er lite som slår ei god bok. For ikkje å snakke om ein bokstabel som ligg og ventar på deg på nattbordet. -Som du berre går og gler deg til å gyve laus på. Det er kvardagsluksus utan like!

Det same gjeld aviser og magasin. Eg skulle gjerne ha abonnert på fleire, men eg vegrar meg. Det blir så ufatteleg mykje papiravfall. Sjølv om ingenting slår lukta av bøker og eit nytrykt magasin, er det ikkje dumt å bruke lesebrett meir aktivt. Då kan ein lese til augene blir raude, samstundes som ein bidrar litt til miljøet.

I desse dagar er det Mammutsal og eg prøver å ignorere det hardt. Tanken var å stå over utagerande kjøp av eit fullstendig uansvarleg antal bøker i år men eg har allereie gått på ein sprekk (Hallo! Asbjørnsen&Moe sine eventyr. Innbunden. Med fine illustrasjonar. For 179 kr. Redebyggingsinstinktet slo inn for fullt).

DSC_0049 4

Likevel. I ei mutt stund over Mammutsalet, fekk eg den nødvendige dytten til å utforske moglegheitene til nettbrettet i større grad. Eg som berre trudde ein kunne kjøpe bøker, magasin og aviser via nettbutikken. -Ein kan jaggu også låne e-bøker via fleire lokale bibliotek i Noreg! Det er godt mogleg eg er skikkeleg sein til å oppdage dette, -men eg tenkte eg likevel skulle tipse om dette flotte tilbodet.

Ingenting er så fint som å gå på bibliotek, men det er supert at ein også kan låne via nettbrett dersom ein føretrekk dette. Lånetenesten heitter eBokBib og du kan laste ned appen både til iPhone og Android. Biblioteket låner berre ut eit visst antal av kvar e-bok om gongen for å verne om forfattar og forlag. Ein kan difor risikere å måtte stå i lånekø som ved eit vanleg lån på biblioteket. Likevel, -dette verkar å vere ei super ordning som eg skal teste ut iløpet av våren.

eBokBib_skjerm

Eg har difor øvd meg på å lese på skjerm og les akkurat no les eg Lean In av Sheryl Sandberg på iPad. Eg har også lasta ned nokre magasin og eg er begeistra. Det går overraskande greitt å lese på «pædden» og eg likar tanken på å kunne ha den med i veska, -med mange magasin og bøker tilgjengeleg.

I tillegg til e-boka, les eg akkurat no Emma & Uno av Märta Tikkanen på papir og har ei fin budde med bøker på vent på nattbordet (nokre av dei vart kjøpt på Mammutsal for fleire år sidan og har berre blitt liggande. Hint-hint Inga!).

lean-in_custom-575cb1cc7e2e0e704abfffbc2a0ce498dafad0f8-s6-c30 Emma-Uno_hd_image
1. Lean in, Sheryl Sandberg. 2. Emma&Uno, Märta Tikkanen.

9788205437722 092ab5034e34773aac5806d97e5e4044f3cf697bccc30a065ddc1aa4 1814_Alnes_ho 80ba698508f76288e82c306520908022 vermes_1386430062245426 Image
3. Constance ring, Amalie Skram. 4. Saman er ein mindre aleine, Anna Gavalda. 5. 1814. Miraklenes år, Karsten Alnæs. 6. I am Malala, Malala Yousafzai. 7. Er ist wieder da, Timur Vermes. 8. The Undomestic Goddess. Sophie Kinsella.

Har de gode erfaringar med å lese på nettbrett? Kva les de no og har de eventuelt ei bok som de gler dykk til å lese?

/Inga

4 thoughts on “Grøn kvardag / Papirfri lesing

  1. Jeg er veldig glad i ebøker, men leser de på Kindlen min(den er mye bedre å lese på enn ipad). Akkurat nå leser jeg pride and prejudice på kindle(for andre gang). Mange av de gamle klassikeren er gratis i kindle-versjon på amazon(neste gratis bok ut for min del er Little Women). Det eneste som er dumt er at jeg tror ikke jeg kan låne bøker fra norske bibliotek(selv om man kan lese norske ebøker på kindlen med litt triksing).

    I år har jeg fått låne ipad av kjemi instituttet på universitetet, og jeg har merker hvor mye papir det blir av alle de som skriver ut forelesningene for å notere på dem. Nå ser jeg på notatene på ipad under forelesningen, og det fungerer utmerket. Det er ikke nødvendig å ha printet ut hver minste lille ting…

    1. Så genialt med utlån av iPad til studentar! Eg har perm på perm med utskrifter og notater frå studietida. No ligg dei berre der sjølv om eg ideelt sett skulle ha nytta dei meir som ressurs i jobben min. Om eg hadde kome på å lagre hand-outs m.m. på t.d. ein Dropbox under studietida, hadde dei vore langt meir tilgjengelege og ein hadde spart mykje papir.

      Eg ser mange klassikarar er gratis på iPad også. Det er gull! Svigerinna mi er ivrig Kindle-brukar, så den har eg høyrt mykje bra om! 🙂

  2. Jeg ble kjempe glad da de begynte med e-bøker på biblioteket. Jeg reiser mye med jobben og da lesere jeg et lesebrett (som kindel, men min er fra Sony da jeg ikke liker å låse meg til en leverandør). Skuffelsen var derfor stor da jeg innså at bibliotekene ikke har systemer for å låne ut til lesebrett. Det er jo ganske tåpelig at jeg kan låne ei bok og lese den på smarttelefonen, men ikke på den dingsen jeg har som er laget for å lese bøker på.

    Men e-bøker er genialt! Når man reiser leser en jo gjerne litt lettere ting som man ikke har behov for å ha i papirformat i bokhylla etter at de er lest og da er det jo supert å kun ha de bøkene elektronisk.

    1. Åh, så dumt! Håpar dei får vidareutvikla ordninga slik at det gjeld lesebrett også! Ser for meg at det er gull å ha med lesebrett når ein reiser. Den rommer fort eit lite bibliotek! 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s