Ein høgaktuell 8. mars

IMG_8389

For første gong i livet mitt har eg inderleg lyst til å gå i tog 8. mars

Fram til no har 8. mars for meg i stor grad omhandla kvinner i andre land sine rettar. Kvinner som berre kan drøyme om dei same rettane og fridomane som norske kvinner har.

IMG_8406Men så kom 2013. Stemmerettsjubileet. Då me skulle feire norske kvinner sin stemmerett, men då dei største debattane omhandla korleis ein mammakropp skulle sjå ut fire dagar etter fødsel og om norske legar skulle få reservere seg mot å henvise til abort.

Året då me skulle feire mangfaldet blant kvinner og moglegheitene våre, omhandla brått innsnevringar.  Ei innsnevring av kroppsideal og ei innsnevring av grunnleggande rettar som sikrar kvinner i ein vanskeleg situasjon hjelp og verdighet.  Det er absurd.

IMG_8392

Reservasjonsretten er ikkje ein omtenksom gest til legar med samvitskvaler. Det er kort og godt ei innsnevring av abortlova. Pasienten vil alltid vere den svakaste part og fastlegen er inngangsporten til helsenoreg. At kvinner skal risikere å henvende seg til ein lege som gir beskjed om at han eller ho ikkje henviser til abort grunna personlege verdiar, er heilt uakseptabelt. Ei slik hending vil påføre kvinner som allereie er i ein vanskeleg situasjon ein skam som dei ikkje skal måtte tåle.

IMG_8405

I mange yrke vil ein oppleve situasjonar som er utfordrande med omsyn til samvitet. Som til dømes politifolk som vert sende ut for å hente bornefamiliar som har fått avslag på asylsøknaden. Som soldatar som må delta i operasjonar kor liv kan gå tapt. Likevel er det heilt avgjerande at menneska som jobber i desse yrkene held seg til ein felles instruks. Og fylgjer norsk lov. Eiga «lov» er underordna då det skal vere klinkande klart kva brukarar og pasientar kan forvente når dei henvender seg hjå ein offentleg instans. Uansett kor i landet dei bur.

IMG_8404

Abort er inga lettvint sak. Det skal det heller ikkje vere. Likevel er det så inderleg viktig at det er lovleg og tilgjengeleg. Som Hillary Clinton har uttala: «abortion should be safe, legal and rare».  Å redusere tilgjengeligheten til fastlegar som henviser til abort, er, og vil alltid vere ei innskrenking av abortlova.

IMG_8397

I kjølvatnet av stemmerettsjubileet er altså kvinner sine rettar og 8. mars brått høgaktuelt. I eit land som FN har kåra til verdas mest likestilte. Eg håpar  8. mars-toget i år vert det beste og største på lang tid.

Det er på tide å markere på vegne av mødre, systre, døtre, venninner og alle andre kvinner som kan hamne i ein slik situasjon og trenge hjelp. At dei skal kunne ta eit vanskeleg val utan fordømming er inderleg viktig. Når ein vil ha born og kor mange born ein vil ha er opp til kvar enkelt kvinne og kvar enkelt familie. Dette valet skal ingen felle ein moralsk dom over. -For det er vår kropp og vårt val.

Kva tenkjer du? Har du gått i 8. mars-tog tidlegare? Kunne du tenkje deg å gå i år eller markere det på anna vis?

/Inga

//Del gjerne desse fine plakatane vidare. Dei er lagt ut av Susanne Kaluza og er til for å brukast!

6 thoughts on “Ein høgaktuell 8. mars

  1. Flott innlegg! Tenk at eit så viktig tema har blitt ein del av ein hestehandel. Heilt absurd! Nei, i år blir det 8. mars-tog på meg også, sjølv om eg bruker bh og barberer meg under armene.

    1. Haha! Det er sant. Slik sett var 2013 også eit nyttig år. Ingenting som er så dårleg at det ikkje er godt for noko. Debatten i 2013 fekk eit breiare lag av kvinner til å heve stemma og engasjere seg.

  2. Så bra skrive! Skal sjølv gå i tog i år, for fyrste gong og gler meg til å! Dett er så viktig.
    Det bra med denne debatten er jo at mange, spesielt unge, har fått opp augo for feminisme, kvinnerettskampen og at det endå gjenstår ein del. Sjølv i Noreg.

  3. Så bra skrevet Inga:) heilt enig med deg, kanskje 2014 er året for å gå i tog 8. mars:) artig blogg. Hilsen Maria

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s