Grønt på badehylla / Kevin Murphy

Eg som i mange år fekk stussa håret av mannen, har gått hen og blitt stamkunde hjå Balanzera. Den økologiske frisøren på Grünerløkka er kort og godt fantastisk! Eg elskar det fine lokalet, dei utruleg hyggelege frisørane, den gode kaffien (Tim Wendelbo!) og dei snille produkta dei nyttar. Om eg ikkje blir buande på Austlandet resten av livet, trur eg eg må reise til Oslo i eins ærend for å klippe meg. 😀

DSC_0093 1

Forrige gong eg var innom, kjøpte eg med meg ein tørrsjampo som viser seg å vere den beste eg har prøvd. -Og eg har testa mange. Litt tørrsjampo er ofte redninga dei dagane som går i turbofart, -og dei er det mange av! På null-komma-null får ein friskt og fint hår. Det er deilig!

Denne tørrsjampoen held lenge og i tillegg luktar den fantastisk godt! Kevin Murphy sine produkt er ikkje 100% økologiske, men dei er fri for parabener og sulfatar. I tillegg er innpakkinga laga av resirkulerbart materiale. For kvar kjøpte sprayboks med tørrsjampo, donerer merket eit beløp til reduksjon av globale karbonutslepp.

Sparyboksar er ikkje heilt topp for miljøet, -så då er det fint at det finst nokre grønare alternativ.

Har du nokre fine, «grøne» saker ståande på badehylla?

/Inga

10 thoughts on “Grønt på badehylla / Kevin Murphy

  1. Jeg har også funnet min favorittfrisør på en «grønn» frisørsalong. Kjøpte med meg en kevin murphy voksdings sist og den lukter så godt! Tørrshampo har jeg aldri prøvd, men det høres helt genialt ut.

  2. Hurra for Balanzera! Jeg var der for min brudestyling, for en flott salong!! Det er veldig fint at det finnes slike «grønne» salonger for oss som er opptatt av det 🙂
    Jeg er svært fornøyd med shampo og balsam fra merket Rahua. Balsamen kan også brukes som stylingkrem, liker at et produkt har flere bruksområder. Ellers liker jeg å bruke rene oljer til ansiktet, f.eks ansiktsoljen fra Estelle & Thild (den luktfrie for sensitiv hud). Når det gjelder sminke er mineral foundation fra merket Terre d’Oc veldig bra, anbefales! Hurra for at det blir økt fokus på «grønn» hudpleie i Norge.

  3. balanzera er fantastisk! eg kan og tipsa om at viss du har krøllete hår som meg er emilia utruleg flink!(dei andre er heilt sikkert like flinke, men eg har ikkje «prøvd ut dei»). eg har aldri vore hos ein frisør som har vore så flink med min mitt hår før, og kjem ikkje til å bytta sjølv om eg flyttar frå oslo 😉

    1. Så bra!! Eg har diverre hår som er stor tilhengar av tyngdekrafta! 😀 Det er kjekt når ein finn ein frisør som ein verkeleg er nøgd med gong på gong!

  4. Jeg har testet en del fra iherb når det gjelder naturligvennlige produkter, men har aldri funnet noe som jeg likte kjempegodt eller som gjorde underverker. Så nå har jeg gått tilbake til vanlig igjen. Kjenner at jeg ikke er så fornøyd med det, men naturvennlige produkter kan være veldig vanskelige å få tak i, spesielt i Norge, og om du finner noen som fungerer greit eller som folk anbefaler så koster de gjerne en del. Men hvordan ligger Kevin Murphy i prisklassen? Kanskje jeg skal sjekke det ut, spesielt tørrsjampoen! Har en nå, og den er virkelig helt elendig 😛 haha.

    1. Kevin Murphy er litt dyrt. Eg hugsar ikkje kva eg betalte for tørrsjampoen, men meiner det var nokre hundre kroner.

      Eg skiftar også fort tilbake til vanlege produkt om dei meir naturvenlege ikkje verkar like godt. Eg tykkjer det er vanskeleg å finne ein god mascara og sjampo, så per no brukar eg berre vanlege, -ikkje dullt så grøne alternativ.

      1. John Masters Organics har gode hårprodukter og bodylotion. Har brukt produktene tidligere og vurderer faktisk å skifte tilbake. Fås kjøpt på nett. EmerginC har en organisk hudpleie-linje som er veldig god, men dessverre svindyr.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s