Rosa ris og ros

Aftenposten skreiv laurdag om den nye måten kvinner heier kvarandre fram på sosiale medie. Utgangspunktet var lanseringa av HP-direktør Anita Krohn Traaseth si nye bok Godt nok for de svina og korleis ho, -og andre kvinner i det offentlege rom, kommuniserer via Twitter, Instagram, Facebook og blogg. «Kvinner i posisjon heier hverandre frem på sosiale medier med store ord, komplimenter og smilefjes» konstaterte Aftenposten i ingressen.

Kv

Dette har sparka i gong ein spanande debatt. Kommentator i Dagens Næringsliv, Eva Grinde, skriv i dag at «Hurra-retorikken blant toppdamer på sosiale medier fordummer og ekskluderer. La oss håpe det er en barnesykdom». Rosabølga på sosiale medie får det harde lag av fleire røyster.

Eg er i utgangspunktet for meir ros. Å sjå folk, å gi dei bekreftelse på at dei er gode nok og har noko å komme med, er effektive verkty for å få menneske opp og fram. Det ser og brukar eg kvar dag som lærar.

Viktigheten av ros som eit mentalt dytt, gjeld særskild kvinner. Dette då kvinner ofte har ein særs høgrøysta indre kritikar. Som Anita Krohn Traaseth skriv i boka si; medan menn ofte tykkjer det er godt nok å berre kunne krysse av eit av ti kriterie for å søke på ein jobb, må kvinner ofte kunne krysse av samtlege for å tørre å søke. Ein av dei største bremsane for auka likestilling i toppverv og offentleg debatt, -er ofte kvinner sjølve. Me begrenser oss sjølve ved å tru at me er mindre flinke, ressurssterke og kompetente enn me verkeleg er. Slik sett er ein kultur for ros særs kjærkomen. Så lenge den er genuin og vert nytta på rett sett.

AKF

– For kva skjer dersom me berre kan heie på kvarandre og det ikkje vert rom for kritiske røyster? Dersom debatten berre er open for positive tilbakemeldingar og kritikk vert redusert til påstått misunnelse, «haters» og «kvinner er kvinner verst»? Madeleine Albright sitt sitat om at  «det finst ein eigen stad i helvete for kvinner som ikkje hjelper kvinner» vert ofte brukt i den offentlege debatten, men ofte også misbrukt. I den forstand at ein tolkar sitatet dit at kvinner ikkje skal kunne kritisere kvarandre sine val og meiningar i det heile. Kvinner skal få gjere og ytre som dei vil, utan å motta kritikk for vala dei tek. -For er det ikkje dette kvinnekampen har handla om? Retten og fridomen til å gjere som ein sjølv vil?

Om det er slik, gjer me oss sjølve ein gedigen bjørneteneste. Då gjer me det kvinnekampen har kjempa mot i alle år. Me reduserer oss sjølve til langt enklare vesen enn me er. Resultatet vert ein langt mindre nyansert debatt. Me går glipp av viktige diskusjonar. Aktuelle tema og viktige spørsmål står i fare for å ikkje bli drøfta fordi folk (les: kvinner) vegrar seg mot å reise kritiske spørsmål i frykt for å bli redusert til ein «hater».

Eg saknar ofte eit breiare spekter av norske kvinner som uttalar seg om aktuelle saker i media. Det er ikkje utan grunn at Heidi Nordby Lunde, Susanne Kaluza og Marta Breen er namn som alle kjenner til. Dei er proffe debattantar. Dei er vande med å tåle ein trøkk og kritiske røyster. Likevel er det desse damene, politikarar og andre proffe debattantar som går igjen i den offentlege debatten. Eg fryktar at mange kvinner vegrar seg mot å delta i det offentlege ordskiftet nettopp i frykt for å motta kritikk.  Dette fører til at me får ein langt mindre nyansert debatt og ei segregering blant debattantane.

ff

Dette såg ein tydleg eksempel på under mammakropp-debatten i haust. Caroline Berg Eriksen aka. Fotballfrue, la ut eit bilete av seg sjølv i undertøy fire dagar etter fødsel. Biletet førte til stor debatt og kunne i utgangspunktet ha reist mange interessante spørsmål. Som til dømes toppbloggarar sitt potensielle ansvar for kva dei publiserer og påverknadskrafta dei har på lesarskaren sin med omsyn til kroppsfokus i media. I staden vart debatten redusert til  korleis ein «ekte mammakropp» post fødsel skulle sjå ut, steile frontar og lite nyansert debatt. Det er synd og ei slik forenkling av debattane skjer litt for ofte.

Likestilling betyr at ein skal bli tatt på alvor, -uansett kjønn. Det inkluderer også handlingane og meiningane våre. Å motta konstruktiv og sakleg kritikk for noko ein har sagt eller gjort, er positivt. Det betyr at ein blir tatt på alvor.Me må ville kvarandre så vel, at me også tillet oss å få kritiske spørsmål rundt vala me tek. Me må ville kvarandre så vel at me tør å stille dei kritiske spørsmål. Elles vil me aldri bidra til ein sterkare og meir likestilt offentleg debatt.

Ros er ingen trugsel. Framsnakking og «rosa sukkerspinn» er etter mitt syn berre positivt då det er med på å dytte kvinner opp og fram. -Så lenge det også er rom for den konstruktive kritikken.

Kva tenkjer du? Er rosen på sosiale medie ein trugsel? Eller  er det snarare ein kjærkomen trend?

/Inga

P.S. Eg er nett ferdig med Anita Krohn Traaseth si bok. Den er sabla god. -Og det meiner eg. Blunkesmilefjes.

2 thoughts on “Rosa ris og ros

  1. Interessant Inga! Jeg føler selv at jeg er veldig dårlig på å motta ros. Jeg tar bare imot dersom jeg synes jeg fortjener det selv. Husker fra min ungdom, da jeg drev med turn. Hadde en utenlandsk trener som kun ga ros når jeg jeg gjorde noe riktig, og det satte jeg pris på. En gang hadde vi vikar, som roste bare jeg løftet fingeren, og det følte jeg var så falskt.

    Poenget mitt er at jeg synes ros bør sitte løst når den virkelig er fortjent, men det synes jeg folk er flinkere til i andre land enn i Norge. Jeg pleide å være veldig jantelov «men dette er da ingenting» / «andre kunne sikkert gjort det like bra» etc.

    Men deg heier jeg på hver dag, selv om jeg synes jeg må bli flinkere til å si det! 🙂

    1. Hehe, takk for god kommentar Birgitte! Ja. Det er særs viktig at ros har substans, -elles fell det fort på steingrunn. Eg «tenkjer ofte ros» om andre, men eg gløymer å ytre det. Det øver eg meg på å bli flinkare til!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s