#2 Kjøp brukt

DSC_0155

Å kjøpe brukt er ein fin måte å leve litt meir miljøvenleg på. Det er kort og godt betre ressursbruk og utnytting av varer. Eg har skreve tidlegare om at eg er ein skikkeleg nybyrjar på dette området, men vil gjerne bli betre!

DSC_0158

Eg har no etter nyttår byrja å ta meg ein runde på «bruktbuene» på nettet når eg er på jakt etter noko. Det har vore ei særs positiv erfaring! Eg er overvelda over kor mykje fint og spanande ein finn. For ein rimelegare penge kan ein gjere skikkelege funn!

Nyleg sikra eg meg skikkelege festsko til bryllaupa i somar. Fint brukt og kjøpt av ei veldig hyggeleg jente for den nette sum av 150 kroner. Det kallar eg eit kupp!

Favorittstaden så langt er Bloppis.no. Har de nokre gode brukttips, -på nett eller i butikk?

/Inga

2 thoughts on “#2 Kjøp brukt

  1. Jeg tør aldri å handle tøy/sko på nett, takler ikke å ikke få prøvd det først. Men det er litt kjedelig for det finnes jo så mye fint på bloppis o.l, men men. Det jeg syns er gøy med å handle tøy brukt er at jeg blir litt mer utfordret enn jeg gjør når jeg handler i vanlige butikker. Der har de stylet og man trenger knapt tenke når man handler. Når man handler brukt må man bedømme størrelser helt annerledes, og man må være mer oppfinnsom på hvordan man vil bruke ting fordi det ofte kan være litt annerledes enn det man er vant med fra kjedebutikker/trender(men det kan ende opp med å bli veldig kult). Og så er det veldig digg å gjøre kupp, både når det gjelder pris og kvalitet. Jeg vet ikke hvor mye tips jeg har egentlig, kanskje det at man må prøve litt rare/uvante ting 🙂

    1. Ja, ikkje sant! Eg anbefaler likevel å byrje å prøve ut bruktkjøp på nett i det små. Eg var uhyre skeptisk, men har fått så langt blitt positivt overraska. Det går også an å kontakte seljar for å spørje og grave litt. Det låg nokre sko i str 40 ute. Eg nyttar normalt str 39, men av og til må eg opp i 40. Då kontakta eg seljar for å spørje korleis dei var i størrelsen. Ho selde dei då dei var litt store i størrelsen, og slik vart det ikkje noko kjøp på meg. Seljarane er som oftast interesserte i at kjøparen er nøgd, -og er dermed flinke med informasjonen. 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s